Heimeside

Magne D. Apeland_0002

 

 

 

 

 

 

 

Velkommen til mi nye heimeside. Det meste av det som tidlegare var lagt inn på     Familien Apelands heimeside, er tatt med her på den nye. Mengden av bilder er mykje større. Eg vil og leggja inn fleire lydopptak som eg på 1980 talet hadde med mor, Julie Marie Apeland. Eg har lagt inn eit stykke om oldefar Sylfest Lund frå Oppdal under Foto Station i eigen album. Det same gjeld eit innlegg om bestefar Kristoffer Apeland frå boka: «Fiskerliv i helg og yrke» av Hans Jacobsen. Eg har og laga nokre albumar for Gjertrud f. Vinnes sin familie. For å koma inn på familie-albumane kreves brukarnamn og passord. Det har eg delt med familien. Eg har lagt inn 30 bilder av Falkeid familien i eigen album under Photo Station. Dei fekk eg frå Olav Bøhn. Ein album av nokre i vår familie i U.S.A. er bilder tatt ned frå Facebook frå Tom Everson. Så hender det eg lastar opp nyare bilder i søsken albumar under Photo Station. På den opne sida har eg tatt inn det tante Kristine fortalte om når «reisande» -fantar- kom til gards då ho var ung. Eg la nyleg inn den artikkelen som ho hadde sendt til NMS sitt barneblad «KOM OG SE».