Familien Julie Marie og Hans Ole Apeland

Familien Julie og Hans Ole Apeland

 

 

Familiebilde_frå_201950

 

 

 

 

Dette er familiebilde av familien til Julie Marie og Hans Ole Apeland. Bilde er teke ca. 1950, sannsynlegvis i 1949.
Bak frå venstre: Margit, Osmund, Leif, Hans, Kåre, Kristoffer og Jakobine.
Framme frå venstre: Liv Solveig på Julie Marie sitt fang. Sverre, Øystein, Magne Dagfinn og Hans Ole.

Osmund, Kristoffer og Hans var fødde før dei kjøpte garden på Nedre Førland våren 1930. Far, Hans Ole, var snekker i Brooklyn i U.S.A. frå 1924 til 1929. Han var der i to periodar. Han var heime ein tur ved juletider i 1926. Mor, Julie Marie hadde ordna med huskjøp nord i Haugesund. Det var vanskelege tider både i U.S.A. og i Norge i 1930 åra. Far hadde våren 1930 problem med å få snekkerarbeid. Dei selte huset i Haugesund og flytta til Gnr. 15, Brnr. 2 og 8 på Førland i Tysvær.

Det var dårlege hus på garden dei kjøpte. Det første dei gjorde var å byggja ny løe. Den gamle sto rett sørom torvhuset. Torvhuset står fortsatt der det var i 1930 nå i 2011. Mor har fortalt at dei ville ikkje gjera så mykje med det gamle huset for dei skulle byggja nytt hus og. Det gjekk likevel 25 år før dei i 1955 kunne flytta inn i nytt hus. Mor og far bygde seg eit hus til, då dei vart pensjonistar. Far var 75 år då det huset vart innflyttingsklart. Yngste bror vår, Øystein og kona Sissel, kjøpte garden i 1971. Den hadde alt då i nokre år vore pakta bort til Skrunes og Kjosavik på Førland. Men på slutten av 1960 talet pakta Berta og Åsmund Apeland deler av garden. Kåre, mor og far hadde resten. Dei hadde ein hest og ein del sauer. Øystein budde i Stokke i Vestfold og praktiserte som dyrlege der. Han pakta bort garden til Åsmund og seinare til Geir Apeland  heilt til Knut Roald Apeland (Kristoffers son) og Karen Elise Lindøe Apeland kjøpte garden i 1996. Doris og Geir Apeland pakta garden vidare. Astrid Eide og Geir Helge Hansen kjøpte garden i 2006 og er eigarar nå i 2011. Doris og Geir Apeland paktar garden fortsatt.

Far, Hans Ole Apeland døydde 25. mai 1979 vel 83 år gamal. Mor, Julie Marie Apeland, levde til  9.august 1990 og vart slik 91 og eit halvt år gamal. Vår bror Kåre var uføretrygda og budde heime hjå mor og far frå 1965 og til dei døydde. Arvingane etter våre foreldre tinglyste då at Kåre Apeland skulle ha burett i det huset så lenge han levde. Han døydde våren 2008. Det året kjøpte vår yngste syster, Liv Solveig, den eigedommen i lag med mannen sin, Edvin Gjerde. Dei bur i det huset nå i 2011.