Om livet i det gamla gardshuset del 1

Magne Dagfinn Apeland_0001

Om livet i det gamle gardshuset.

Mor, Julie Marie Apeland, hadde ansvaret for arbeidet inne, men deltok og med arbeidet i fjosen med melking og anna arbeid. Ho deltok og i gardsarbeidet ute. Far var ein del ute på snekkerarbeid og då var det mor og ungane som arbeidde med alt på garden.

Ho fekk ein ny unge omtrent andrekvart år på 1930 talet etter dei var komne til Førland. Av og til hadde dei då tenestejenta rundt tida for fødselen. Periodevis hadde dei og  dreng til nydyrkings-arbeid og til vanleg  gardsarbeid. Etter Inger var flytta ut av den nordre del av huset nytta dei stova der til «bestestova».

Der var dei fine møblane som mor og far hadde kjøpt då dei gifta seg i 1921. Der var bufè, anretningsbord og spisebord med stolar til. Stolane hadde fast pute i sete. Dei hadde og ein fin benk-sjeselong- kalla dei den typen. Den kunne dei slå ut slik at det vart ei dobbeltseng. Då far kom heim frå Brooklyn før jul i 1929 hadde han m.a. med ein grammofon. Det var ein golvmodell. Den spelte me 78 omdreiningsplater på. Stifta måtte skiftast ofte. Platene låg i hyller nede og over det eit rom der lyden kom ut. I toppen var det lokk som vart løfta opp slik at plater kunne spelast. Ei fjær måtte sveivast opp for å driva grammofonen. Far hadde og fotoapparat med frå U.S.A., men det vart ikkje fotografert så ofte. Sissel og Øysten har denne grammofonen i kjellarstova si. Far hadde mange plater med frå U.S.A og nye plater vart kjøpte etterkvart. Grammofonen vart mykje brukt.

Etter krigen 1940 til 1945 då Osmund kom heim frå sjøs vart beste- stova plata og tapetsert. Kjøkken i nordre ende av huset brukte mor til å steikja potetkaker både i krigen og seinare. Ho hadde ei stor steikjehelle som låg over heile komfyren slik at ho kunne steikja mange potetkaker samtidig. Soverommet i nordre enden var nytta av dei eldre gutane i familien. Under trappa var det eit lite skap. Der hugsa eg at det var hengelås på døra. Mor hadde m.a. julekaker der før jul. Krumkaker hadde ho i to store metall-boksar og andre kaker i mindre boksar. I krigen og lenge etterpå, var det mangel på varer i Norge og dei måtte ha rasjoneringskort for å få kjøpa kaffi, smør, brød, sukker og andre ting. Det var forsyningsnemnda som skreiv ut rasjoneringskorta. I tillegg til krumkaker laga ho havremakroner, kokosmakroner, sandkaker og andre som eg i farten nå ikkje hugsar namnet på. Av og til kom ei «bakstekone» til huset vårt og baka flatbrød og lefser.

I det mellomste rommet var bestastove-møblene før Inger reiste. Eg var berre 4 eller 5 år då Inger flytta så eg hugsar henne, men eg hugsar ikkje så mykje frå den tida. Det eg hugsar best er at me hadde bestestova i den nordre stova. I den mellomste stova var det ingen omn. Varmen kom frå kjøkkenkomfyren i rommet ved sida av. På kjøkken var det ein arbeidsbenk utan skuffer under.Så var det skap på ein vegg. Mor sa at dei ikkje ville gjera så mykje med det gamle huset. Dei skulle byggja nytt hus.

Det gjekk 25 år før dei kunne flytta inn i nytt hus. I det gamle huset var det ikkje vaskemaskin, kjøleskap, elektrisk komfyr eller elektrske omnar. Det vart innlagt elektrisk straum til lys og ei kokeplate vinteren 1953/54. Ikkje elektrisk straum, ikkje innlagt vatn var det me hugsar få det gamle huset. Vatn måtte bærast inn frå ei kjelde, ein brønn, som var ca 50 meter frå huset. Ved måtte hentast frå torvhuset. Torvhuset er der fortsatt i år 2011. Sør om torvhuset sto den gamle løa. Nedom der sto eit hus for hesten og ved sida av det var utedoen. Utedoen hadde to sitjeplasser. Utedoen vart velta av at høysleden (utan høy) kom borti eine hjørna. Sleden kom borti eit hjørna då dei køyrde forbi med den. Det hendte nokre år etter at do hadde vore i bruk.