Garden Apeland og dei som budde der:
Live og Kristoffer Apeland, Jakobine og Osmund Apeland.
Åsmund Apeland (1930 – 2010) har skrive dette til dei to slektsheftene som vart laga til slektstemne på Stemnestaden i Grinde året 2000.
Garden Apeland i Tysvær ligg på vestsida av Førlandsfjorden. I gamal tid har det nok vakse mykje villapal her, gardsnamnet skriv seg frå det meiner namnegranskar O.Rygh. I matrikkelen 1838 heiter garden Apallsland. Så langt tlbake som 1519 er gardsnamnet Apelleland. Seinare vart namnet Apalland. Me kan og finna Abelland og Abeland. Namnet tyder på at garden har vore bruk frå jernaldertida i kring 3 – 400 talet etter Kr. Apeland var odelsgard i eldre tid og er kjend frå skattemanntallet i 1519. Alt tyder på at det har vore 2 bruk frå den tida. Det går også steingard frå Førlandsfjorden og vest til Ådnavatnet. Ådnavatnet er grensa i vest. I den tida då Kristoffer og Live Apeland og Osmund og Jakobine Apeland dreiv garden her, var det fem bruk. To på Nordre Apeland og tre på Søndre Apeland.
Det kan vera mykje å merkja seg når det gjeld garden Apeland. Det går ein bekk, Apelandsbekken, frå Krokavatnet( Stemmen) og til sjøen. Denne bekken vart brukt i fellesskap av alle bruka. Kverna på Nordre Apeland er nemnd i matrikkelen i 1668. Kverna var bygd oppe i utemarka. Det finst kvernsteinar frå den kverna. Då Kristoffer dreiv med kvern, var den der E 39 nå går. Fallet som dreiv kverna er bygd inne i vegen. Det er også kvernsteinar frå denne kverna. Apelandsbekken rann herfrå over bruket som Osmund Apeland dreiv. Nedom løene på Apeland var det bygd ein treskekall( kvernkall). «Kadl» kalla me den. Denne var brukt til å driva treskemaskina med. Eg hugsar godt dette. Som drivreim vart brukt tau som gjekk i trinser. Det var forholdsvis lange drivtau, drivreimar ville me kalla dei i dag. Treskekallen var plassert slik at alle dei tre største gardane kunne bruka den. Den andre garden på Nordre Apeland, som vart driven av Jens, bror til Kristoffer, hadde bygd bekkeløp slik at med å demma av bekken litt oppi utemarka fekk han bekken heilt fram til løa si. Dette med fellesbruk av denne bekken er så langt eg kan sjå ikkje kome med i tidlegare skriftleg materiell om Apeland. Kristoffer som døydde i 1912 var inne på tanken om å byggja eit lite elverk i bekken slik at det kunne verta straum til lys. Men Apeland fekk elektrisk kraft først i 1957. I Krokavatnet er det bygd ein felles demning av stein og jord. Det same er gjort i eit tjern lenger nede, den såkalla Pøylå. I dag kan det synast som om det var lagt svært mykje arbeid i tresking av korn og maling av mjøl.
Side 2
Me skal ikkje gløyma at heilt fram til ut i 1900 –talet var det naturhushald, og det å skaffe seg matmjøl, var særs viktig. Sjølv har eg vore med på korndyrkning og vidare arbeidet med framføring til mølla og heim med mjøl. I nyare tid, særleg i krigsåra 1940 – 45 hadde og denne matdyrkinga mykje å seia. Me dyrka då kveite, rug, bygg og havre. Då vart treskinga utført med omreisande treskeverk. Dette arbeidet vart også utført i fellesskap. Alle gardane på Apeland var saman om dette. Kornet vart ført til mølla på Sagbakken for maling. Men også båt vart leigd for maling på Fiskå mølle i Avaldsnes.
I tida då besteforeldra våre dreiv gardane her, var det ikkje veg frå Krabbatveit og sør på vestsida av Førlandsfjorden. Folket på vestsida hadde så tidleg som i 1851 søkt heradstyret om løyve til å byggja veg dersom dei bygde vegen sjølve, men samstundes slapp pliktarbeid på andre vegar i Tysvær. Men saka vart lagd tilsides i 30 år, og vestsidefolka var med og bygde andre vegar i Tysvær. Heradstyret ville ikkje vera med på å byggja veg på vestsida. Dette vart eit stort stridsspørsmål i Tysvær. Val til heradstyre gjekk føre seg i Kopervik, og ein måtte dit for å avgi stemme. Apeland og Rønnevik hadde båtar med rett til å liggja i Hetlandsvågen som går inn frå Førdesfjorden. Valdagen i 1879 blei det eit svært styggevær, men velgarane frå vestsida drog avgarde i fiskebåt. Vestsidefolka fekk inn over halvdelen av heradstyrerepresentantane. På heradstyremøte 3. januar 1880 vart Kristoffer Apeland valt til varaordførar. Ordførar vart Nils A. Nilsen frå Hetland. 23. mai 1881 vart det så vedtatt å byggja veg. Ved ordførarval 3. januar 1882 vart Kristoffer Apeland ordførar. Endeleg vedtak om bygging av vegen vart gjort 12. juni same året. Vedtaket vart gjort med ordføraren si dobbeltstemme. Det vart mykje uro ikring i kommunen på austsida av fjorden. Også ei vise vart skriven:
Veier i Tysvær det får me kje nok av, derom kan du spørja den nordvestre flokk som seier at veier er bra nok å ha om me inga nytte av dei kunne ha. Kristoffer og Jens dei er nå så eins Hans Knut og Christen dei går kje til meins.
Side 3
Nordvestre flokk var folket på Apeland og Rønnevik. Eg vil nemna eit særmerke med denne vegen som me hadde fram til 1980. Krabbatveit og Rønnevik nordom Apeland og Haukås på sørsida bygde vegen slik at den gjekk gjennom tuna. På Apeland vart vegen bygd på utsida av heimegardane. Dette vitna om syn for framtida av folket på Apeland. Vegen vart etter nåtida kalla moldveg. Det var jamning av terrenget med veggrøfter og grusing oppå. Mange av oss har erfart denne vegen som ikkje var køyrande i teleløysinga om vårane. Apeland var ein av gardane utan veg fram til Osmund og Jakobine kjøpte gard i 1890. Kristoffer hadde hatt bustaden på Apeland frå han var fødd, og Live vart ført til Apeland på hesteryggen. Det har vore ei stor endring med at dei bygde veg for 110 år sidan. I dei siste 20 åra er det bygd ny veg med bru over Førlandsfjorden ved Mjåsund, Odland. Vegen er nå E 39 over Apeland med busstoppar kvar andre time der ein kan løysa billett til Stavanger i sør og til Bergen i nord.
Under bruk av Apelandsbekken har eg nemnt at det har vore naturalhushald på gardane i fleire hundre år, litt etter kvart vart det meir og meir salg av produkt frå gardane. Mjølkeproduksjon til eige bruk har det nok vore heile tida det har vore folk her. Den første sikre registreringa av salg av mjølk frå Apeland er frå 1890. Vegen var då komen fram til Apeland. Kristoffer reiste mykje og hadde fast dreng på garden. Etter at vegen var ferdig, kjørte drengen Lars Strand til Haugesund kvar veke med mjølk og mjølkeprodukt. Endå tidlegare hadde dei frå Rønnevik kløvja med mjølk til Aksdal og leigde der hest med vogn og kjørte til Haugesund med mjølk for salg. Kring 1900 vart det bygd fleire små meieri i Tysvær. Det vart også bygd meieri på Førland der Apelandsgardane var med. Frå ca. 1920 vart det kjørelag på Vestsida frå Apeland og nord til Krabbatveit. Kjørelag var veksling med kjøring mellom gardane. Det var då komen bil som kjørte til Haugesund med mjølk. Denne kjøringa med mjølkespann fram til Krabbatveit, varte til 1948. Då vart det fast bilrute frå Apeland med rutebil frå Tysvær Rutebillag. Ved startinga av dette billaget, var også Apelandsgardane med og garanterte med så mange kyr som kvar gard hadde. Dette var Tysværruta som mange hugsar. Tysvær Rutebillag som eigarselskap i Haugaland Rutebillag A/S eksisterar også nå. Men kjøring med hest frå Apeland til Haugesund med produkt for salg av poteter, bær og egg m.m. varte frå vegen vart bygd i 1890 og fram til krigsåra 1940 – 45. Fast rutebil fram til Apeland fekk me ein dag i veka 1935. Så auka det til to dagar, fredag og laurdag. Våren 1939 vart det så vedtatt dagleg kjøring, men krigen sette ein stoppar for dette på grunn av bensinrasjonering.
Side 4
Så fast dagleg rute fekk me ikkje før i 1948. Av besteforeldra mine var det berre Jakobine som opplevde det næraste av normale forhold etter freden 1945. Her kunne vera mykje å ta med når det gjeld mjølkeproduksjonen på gardane her. I ei tid som nå då folk snakkar om dyr mat, må det nemnast at i året 1947 var den største leverandøren av mjølk til Haugesunds meieri frå eit bruk i Tysvær som leverte 13000 liter. Dette var det eine bruket på Apeland. Kring 1950 brukte folk 50% av det dei tente på mat. I dag brukar folk om lag 12 % av inntekta si på mat. I dag er mjølkeproduksjonen frå dei to Apelandsgardane om lag 245000 liter årleg, det er då med ein stor del leigd jord. Med den innstillinga samfunnet har i dag, er det kanskje den siste generasjonen som kan leva av mjølke- produksjon på Apeland.
Me som er samla til slektstemne, har slekt tilbake til Live og Kristoffer og/eller Jakobine og Osmund. To av slektsgreinene går tilbake til alle desse: Julie og Hans Ole, Gjertrud og Sylfest. Under planlegginga av stemnet kom me fram til at me tok begge slektene med. Dei levde begge familiane side om side på Apeland. Dei hadde born i same alder. Bestemødrene, den gong ungkonene, kom hit utan å kjenna garden Apeland frå før. Live og Jakobine var også jamgamle. Eg skal prøva å gi uttrykk for korleis desse fire var. Nokre av oss som er samla her, har kjent tre av dei. Ingen av oss kan hugsa Kristoffer, han døydde i 1912. Det er likevel mest naturleg å begynna med å fortelja om Kristoffer. Kristoffer er den einaste av desse som har slektsrøtter på Apeland tilbake til 1700 talet, kanskje endå lengre. Foreldra til Kristoffer, Lucie Marie og Jens har gravstøtter på kyrkjegarden i Tysvær. Jens på øvre kyrkjegarden, Lucie Marie på nedre. Begge desse gravstøttene er freda. Det er mykje skriftleg materiell om Kristoffer. Han var aktiv på mange felt der det samstundes er arkivmateriell. Han var sjømann, skipper og deltakar i rederi saman med broren , Laurits. Han arbeidde mykje i kristent arbeid, også tilsett i organisasjonar. Han var aktiv politikar, også ordførar i Tysvær i 13 år. Kristoffer var kraftig av vokster,middels høg. Han hadde stor utferdstrang. Som 19 åring reiste han som skipper på skute i Nordlandsfart. Seinare tok han turar i trelastfart og sildefart til Finland og Russland og sørover til Danmark. » Kristoffer var ei løve på sjøen» vart det sagt. Han var sterkt engasjert i og for si kristne tru. Det er fortalt om Kristoffer og brørne hans at dei sto og song på kyrkjebakken etter Gudstenesta.
På båtferder nordover var dei ofte i land. Kristoffer reiste då for å forkynna Guds ord. Han kom då saman med Sylfest Lund, ein kjend lekpredikant frå Oppdal. Sylfest Lund sa då til Kristoffer: » Bli med meg heim, så skal du få eldste dotter mi til kone.»
Side 5
Kristoffer fylgde med til Oppdal. Før han reiste derifrå var han trulova med Live Lund. Då Kristoffer kom til Kristiansund fekk han bod om at mora var svært sjuk. Han reiste til Apeland, mora døydde straks etter. Neste år reiste Kristoffer til Oppdal og gifta seg med Live. Kristoffer reiste mykje som forkynnar. Han var fleire sumrar på Island som utsending frå Den Indre Sjømannsmisjon. Så seint som i 1912 vart han tilsett av Det Norske Misjonsselskap. Han fekk ikkje begynna i det arbeidet. Han fekk slag på reisa til Stavanger. Han fekk koma heim til Apeland, men døydde i 1912.
Litt om Live. Far til bestemor Live er alt nemnt, men mora var Johanna Kvitlom, kalla Hanna. Eg og mange her fekk oppleva å kjenna bestemor Live. Liv og Kristoffer, syskina mine, og eg fekk veksa opp med bestemor i huset. Ho var ei sers evnerik bestemor. Det same kan seiast om bestemor Jakobine. Truleg var begge desse med og heldt ved lag og utvikla eit svært godt miljø på Apeland, Rønnevik og Haukås. Dei var begge aktive i Apeland, Rønnevik og Haukås misjonsforening. Denne misjonsforeninga var starta av oldemor Lucie Marie alt i 1864. Så langt eg har funne ut har det frå begge desse gardane vore medlemmer i den foreninga fram til nå. Truleg også frå starten. I «Tysvær: Slik levde dei 1820 til 1920″ er gjengjeve mykje frå dagleglivet på Apeland. Ein finn direkte sitat frå både tante Juline, tante Julie og tante Kristine.
Live og Kristoffer fekk 8 born.
1. Lucie Marie f. 1884 g.m. Henrik Log, Haugesund
2. Hanna f. 1886 g,m. Olaus Falkeid, Falkeid
3. Jens f. 1888 døydde rett etter fødselen
4. Jenny f. 1890 g.m. Nils Magerøy, Volda
(2. ekteskap)
5. Sofie f. 1892 g.m. Nils Magerøy, Volda
(1. ekteskap )
6. Kristine f.1894 ugift, lærar, Torvastad
7. Ludvig Sylfest f. 1896 g.m. Gjertrud Karoline Apeland
Apeland
8. Julie Marie f. 1899 g.m. Hans Ole Apeland, Førland
Side 6
Bestemor Live hadde så fin kristen måte å vera på. Ho sa aldri noko som kunne skada andre og lærte borna å tilgi slik me vert tilgitt. Det var ofte svært mykje å gjera i heimen. I den tida bestefar Kristoffer var ordførar kom det ekstra mange innom og då skulle folk også ha mat. Folk kom også over frå Førdesfjorden og også frå Høyviksida i samband med vennebesøk eller dei skulle vidare austover eller vestover. Vennebesøka på Apeland var i huset til Live og Kristoffer. Desse møtene fortsette også heime hjå oss fram til bedehuset vart bygd i 1935. Det synest nærast utruleg i dag at ein kunne samla så mykje folk i dei små stovene, men me må hugsa at ein ikkje hadde store og mange møblar. Eg hugsar sjølv at me bar samanspikra fjøler og la opp på stolar som benker i stova. Når Live var husmor, også seinare sjølsagt, så var det utanom å gjera huset klart også matstell etterpå. Live var ei dugande husmor. Ho var også flink til å skriva og til å lesa. Songstemme hadde ho ikkje vart det sagt. Ho song for oss borna. Ho fortalde frå Oppdal og frå Skjåk, særleg når ho fekk brev frå systrene sine. Det var godt for henne at ho fekk forholdsvis ofte brev og at ho fekk skriva brev. Det var den kontakten ho hadde med folket sitt nordanfrå. Ho fekk berre ein gong reisa til Oppdal i alle dei meir enn 60 åra ho budde på Apeland. Bestemor Live døydde i 1940.
Noko om bestefar Osmund og bestemor Jakobine: Osmund var fødd 1852 og oppvaksen på Kallevik. Foreldra var Nils Knutsen Kallevik og Martha Kolbeinsdotter frå Kolnes. Dei hadde heimegarden på Kallevik. Osmund var nr.6 i ein syskenflokk på 10. Han var registrert som verksarbeidar på Visnes i 1875. Han budde då på Visnes og arbeidde i kopargruvene, og der var han til han kjøpte gard på Apeland i 1890. På Visnes møtte han Jakobine. Foreldra hennar var Bård Matias Askildsen frå Håvik og Jakobine Hansdotter frå Sund i Stangeland. Dei hadde kjøpt ein liten gard på Kolstø. Jakobine var nr. 7 i ein syskenflokk på 11, fødd 1855. Berre 8 av desse vaks opp. Ho dreiv som skreddar på Visnes då Osmund vart kjend med henne. På den tida var Visnes gruveby og den største arbeidsplassen i heile området Karmøy og innover fastlandet. Som ein parantes kan nemnast at Karmøy kommune i seinare tid har sendt prøve av koparen frå Vigsnes Kopperverk, og fått konstatert at det er frå desse gruvene koparen er, som er brukt på Fridomsgudinna ved innseglinga til New York. Denne koparen må vera levert i tida Osmund arbeidde i gruvene. Etter at Osmund og Jakobine gifta seg i 1885, budde dei med familie på Visnes til dei flytta til Apeland 1890. I ættebok I for Avaldsnes er ført opp at Jakobine og Osmund fekk 4 born på Visnes, 3. barnet døydde liten. Då dei flytta til Apeland hadde dei då dei 3 borna og fekk 4 til på Apeland. Rekkefølgja blir då:
Side 7
1. Martha Karoline f. 1885 g.m. Dan Frinckman, U.S.A.
2. Nils Konrad f. 1887 g.m. Margaret Erickson, U.S.A.
3. Jakobine Margrete f. 1889 døydde som liten
4. Janne Marie f. 1890 g.m. Bertel Næss, Haugesund
5. Bernt Mathias f. 1892 g.m. Juline Eikeskog, Apeland
6. Olava Josefine f. 1894 g.m. Claus Rønnevik, Rønnevik
7. Hans Ole f. 1896 g.m. Julie Marie Apeland, Førland
8. Gjertrud Karoline f. 1898 g.m. Ludvig Sylfest L. Apeland
Apeland
Osmund var kraftig av vokster og ein sterk arbeidsmann. Gruvearbeidet samstundes med at han fekk vera frisk, verka slik. På Rønnevik var ein sterk husmann som heitte Villem Blåur. Det vert hermt etter han at dersom han ikkje hadde kjøpt noko anna å bera når han var i byen, så kjøpte han ei skjeppe sand når han skulle gå heim. Han gjekk så mykje stødigare då, sa han. Men Knut C. Rønnevik sa til meg ein gong.» Ingen var så sterk som bestefar din, han Osmund.» Bestemor Jakobine levde til ho var 91 år, og mange hugsar henne. Ho var flink på så mange måtar. Ho tok del i gardsarbeidet. Ho var myndigare i si framferd enn bestefar Osmund. Men ho var eit beskjedent menneske. Eg hugsa henne som ei god bestemor. Eg var 16 år då ho døydde. Ho var klår og var med til bedehuset på møter heilt til det siste. Mor mi fortalte at om dei leika saman med bestefar og høyrde bestemor koma, så sa han: «Hysj bodn, nå kjem mor dokkas.» Onkel Mathias har fortalt at mor til bestemor, «Bestemor Kolstø», som framleis budde på Kolstø, gjerne ville sjå borna på Apeland. Dei tok då ut og gjekk over utmarka til Kallevik. Der kvilte dei, fekk seg mat og lånte båt og rodde over Førdesfjorden. Dei gjekk så til Mykjå der dei kvilte og hadde mat. Så lånte dei båt og rodde over til Karmøy og gjekk med borna til Kolstø. Dei minste måtte dei bera. Dette seier litt om vilje til å imøtekoma ynskje frå «Bestemor Kolstø», oldemor mi. Det må nemnast at det var ferdsleveg mellom Kallevik og Apeland. Då tyskarane hadde øvingar her under krigen 1940- 45, oppdaga eg at dei hadde kart der denne ferdslevegen var innteikna. Bestefar Osmund døydde i 1936 og bestemor Jakobine i 1946.
Side 8
Ved litt historie om Apeland og litt om slekta før oss, må me også få med noko om det dei var med i, eit større fellesskap utanom garden. I 1840 vart Tysvær Misjonsforening, skipa. Fleire av slekta vår var med i denne foreninga, sjøl om møtestaden var Tysvær (nå oftast kalla Tysværvåg). Oldefar Jens var ein av underskrivarane då misjonsforeninga gjekk i gang og bygde det første bedehuset i Nord- Rogaland. Dette huset vart bygd så tidleg som i 1848. Når det var underskrifter på testamentet (lovane for huset), var gardane på Apeland og Haukås sterkt representerte. Dette var før besteforeldra våre si tid, men dei kom også tidleg med i dette fellesskapet. Det kunne vore mykje å tatt med om dette. Her må nemnast at då det skulle byggjast nytt bedehus i Tysvær i 1935, vart det gamle bedehuset kjøpt av gardane Rønnevik, Apeland, Haukås og Hetland og oppsett på Apeland. Bedehuset står her framleis og er i bruk også nå.
———————————————————
Forord
I samband med slektstemnet 12. august 2000 har eg hatt gleda av å skriva litt om garden Apeland, og vidare noko om besteforeldra til mange av oss, Live og Kristoffer og Jakobine og Osmund. Som kjelder er brukt: «Tysvær, gard og ætt» nr. 1 og 3 av Dybdahl- Holte. Vidare er brukt særoppgåva ved gymnas som er skrive av Gro og utvida av Åse Berit, begge døtrene våre. Særoppgåva byggjer på: «Ættebok åt borna mine, Morsætta» av Nils Magerøy, Litt om samferdselsmidler o.a. Tysvær Rutebillag 1930 – 1950″ av Knut C. Rønnevik, «Kronologisk oversikt av Tysvær heradstyres møtebøker» av Knut C. Rønnevik. Samtale med barn av Live og Kristoffer Apeland. » Fiskerliv i helg og yrke» av Hans Jakobsen. Også Ættebok frå Karmøy, Avaldsnes 1, er nytta. Utanom desse kjeldene har eg sjølv opplevd og sett mykje av det som kjem fram her. Eg har sjølv levd her i over 70 år, og me har hatt vårt arbeid og utkome av garden på Apeland.
Apeland 29.07.00
Åsmund Apeland
Åsmund Apeland som har fortalt og skrive dette i år 2000 til slektstemnet me hadde på Stemnestaden det året. Åsmund døydde i 2010. Eg, Magne Dagfinn Apeland, har skrive dette av frå slektsheftene frå året 2000. Når eg nå har dokumentet digitalisert vil eg leggja det ut på heimesidene om familien Apelands heimeside som eg fortsatt arbeider med. Eg kallar denne heimesida for «Magne D. Apeland Web». Nye ting kan leggjast til.
Åsmund Apeland (1930 – 2010)