Side 1
Litt om heimeliv og minne frå Apeland i Tysvær fortalt av Kristine Apeland.
(Kristine Apeland var søster til Julie Marie)
Ho var født 14. sept. 1894 og døydde 14. juni 1975. Kristine Apeland var dotter til Live og Kristoffer Apeland. Ho var lærar på Rossabø skule i Haugesund. Vidare var ho lærar på Norheim skule. Den lengste tida, inntil ho vart pensjonist, var ho lærar på Hauge skule i Karmøy. Ho var ugift, men var sterkt knytta til alle syskina sine og deira familie. Ho skreiv av på maskin slektsboka: ”Ættebok åt borni mine: Morsætti” av onkel Nils Magerøy. Vidare kjøpte ho i 1965 svertedublikator og kopierte ”Morsætti” til omlag 150 stk. av slekta. Me kalte henne berre for tante Kristine. Eg har skrive dette omtrent ordrett av frå ein dårleg fotostatkopi. Eg fekk den av tante Kristine før ho døydde. Ho har truleg skrive dette ca. 1960.
Skudeneshavn 6. juli 2000.
Magne D. Apeland
Kristine Apeland fortel:
Far hadde alltid andakt, når han var heime. Var han borte hadde mor andakten. Dei brukte mykje Loche si andaktsbok. Der var rimeleg lange stykke. Eg hugsar ikkje at eg tykte dei var for lange. Dei las naturlegvis ofte i Bibelen og i andre andaktsbøker. Så var der og bøn og song. I ”samlingane” las dei ofte i Luther sin postill og «Samlingspostillen”. Etter samlingane hadde dei ofte framande att. Det var gjerne fullsett bord då. Både då og elles, når det kom truande vener, måtte dei framande beda etter maten. Det var heilt naturleg for dei å tala om det som høyrde Guds rike til. Og så song dei mykje. Ofte kom det truande frå Førdesfjorden på venevitjing eller dei var med til kyrkje. Det var alltid festleg å sjå når dei kom ned frå fjellet, ned leita. Det var Lars Rikardsen Høie, Knut Berget, Ola Kydnamyra, Osmund og Tolleif Elleflådt (brørne åt klokkaren), Elias Vold, Lars Tveita og andre.
Då far kom heim frå reis, kom onkel Jens og tante Berta opp til oss. Og så fortalde far om turen. Det var høgtidsstunder for oss alle.
Det var ofte annsamt for mor når borna var små. Ho skulle ha både huset og borna istand til møta. Og så skulle ho taka mot framande attpåtil. Men heile livet var det hennar lyst å ta mot ”vener i Herren” og å ha møte.
Side 2
Eg minnest ein vår– eller sumarmorgon. Ho mor var gjengen opp i gilen med kyrne. Eg tykte ho vart så lenge. Eg vart uroleg. Eg var redd noko galt hadde hendt. Eg tutla meg oppover, og då eg kom mest til ledet, høyrde eg at mor tala. Eg skjøna då at mor bad. Eg var så stor at eg hadde høyrt om Jakob. Og med eitt rann orda meg i minne.” Her er Guds hus, her er Himmelens port”. Eg hadde nok ofte høyrt ho mor hadde bede, men det greip meg så sterkt at ho hadde funni seg ei bønekro der ho var åleine med Gud. Nå står bedehuset på Apeland der oppe, rett ovanfor bønekroa hennar mor.
Ho mor lærde oss borna å tilgi. Hadde nokon vori leie mot oss på nokon måte, hjelpte ho oss til å gløyma det vonde. Ho var open og endefram. Det fall henne ikkje inn å vera lur. Til vanleg trudde ho godt om folk. Eg hugsar ikkje ein gong eg høyrde ho brukte hjelpelygn. Eg hugsar ho sa eingong at ho aldri hadde hatt vanskar med å få oss borna til å tala sanning. Eg trur det kom av at ho alltid var sann sjølv.
Mor hadde stor interesse av å lesa. Ho las mykje misjonslitteratur og oppbyggjings-litteratur, men verdslege romanar hadde ho ikkje mykje til overs for. Ho sat ofte med spøtet og ei bok. Ho las naturlegvis aviser og. Ho kjende godt til kven av misjonærane som var plassert på dei ymse misjonsstasjonane.
Ho klaga aldri om me skulle gå ut. Når me tykte det var galt at ho skulle vera åleine, sa ho: ”Nei berre gå de. Eg kan så godt vera åleine”. Då Sylfest var konfirmert, sat han ofte inne hjå henne og las, når dei andre gutane gjekk ut.
Far var sers tidleg oppe om morgonane. Han dreiv hardt med arbeid, når han var heime. Han tykte me hefte for mykje med vasking. Han kom gjerne inn og sa: ”No må de ut alle som kan krypa og gå”. Han hadde kjøpt rakerive for hest, men me raka reint med handrive. Det var mykje rydjing og då, i vikar, på ekrer og i haugar. Far lika så godt vatn med saup i til tyrstedrikke, då han dreiv på ute. Eg hugsar far tok ask inn og skov om vinterkveldane.
Side 3
Då far var sliten og trøytt etter strevet om dagen la han seg gjerne ned på golvet og straks etter snorka han.
Då far var ordførar hadde han ofte framande på vitjing. Mor laga då ofte krumkaker. Eg tykte ofte sidan at hennar krumkaker var sers gode. Eg trur det var fløyten ho hadde i, som gav den gode smaken. Men me hadde ikkje råd til å bruka slik luksus ofte. Dei måtte gjerne gøymast til ein annan gong, til dei framande. Etter me hadde slakta gris, laga mor sume tider rømmebrød av smulten. Ho koka graut av mjølk, grynmjøl og smult, baka det ut og stakk kakene ut med bakkelstrinse. Ho laga jarnbrød og sume tider. Eg trur det hende at ho laga skrivarbrød og. Me brukte mykje graut og mjølk, helst havre eller havregrynsgraut. Sume tider om hausten koka me potetgraut og. Me bruka mykje potetkake. Hadde me lite mat, laga mor tjukke pannekaker. Det var vel helst ikkje egg i dei. Me hadde ofte slike med på skulen. Josefine venninna mi, og eg bytte ofte mat. Ho fekk pannekake hjå meg og eg fekk brødskiver hjå henne.
Me brukte helst sild og fisk til middag. Av og til hadde me kumle. Me slakta gris, så me hadde erter og flesk av og til. Fleskepannekake hadde me gjerne og til middag, når det kom framande. Mor laga god sylteost og sylteflesk, når me hadde slakta. Me laga då blod-pannekake og blodkumle.
Dei åra far var på Island kom han heim med fisk og sild. Me sette av og til ut garna og fekk fersk fisk. Noko av det gildaste me viste, var å få vera med å setja eller dra garna, helst det siste. Då tøygde me oss utover båtripa og skulle sjå om det var fisk i garnet. Mor var så glad i fersk fisk og fiskesuppe. ”Det var lækjedom i det”, sa ho. Ho hadde anlegg for sår, difor var fisk det beste for magen hennar.
Gamle Ingeborg Haukås var ofte hjå oss og baka flatbrød. Sume tider hadde ho borna , Lava og Birger, med seg. Me tykte alltid det var stas då. Eg har minne etter at Sylfest og Julie kledde seg ut og skulle vera Lava og Birger. Me brukte mykje flatbrød. Me hadde ofte ”sådel”, flatbrød og mjølk. Eg trur det hende at me hadde poteter og mjølk til kvelds, eller turrsild og poteter. Det hende at mor koka rauddravle, men det var sjeldan. Sume tider hadde me karve eller hyllete til maten. Mor drakk aldri kaffi. Bestefar, Sylfest Lund, hadde bede døtrene sine om at dei aldri måtte drikka kaffi. Mor og tante Anne heldt lovnaden, men dei andre var glad i kaffi. Mor koka god kaffi når ho hadde framande.
Side 4
Sylfest hadde ein gong fått ny huve. Han skulle naturlegvis ut og spegla seg. Han sto og såg seg inn i spegelen og sa med seg sjøl: ”Eg ser eg e pene”.
I det same kom ei av oss systrene, så me andre fekk høyra det. Han tykte nok huva var fin, men me hermde det ofte oppatt og erta han for det.
Eg hugsar ein kveld me var ute i stova. Hanna ville ha eit fotografi. Eg sa eg hadde fått det av mor. Eg vart så sinna at eg beit henne i armen. Ho sa ingenting. Ho tok meg berre i armane og bar meg inn i kammers-senga og var god med meg. Eg kunne aldri gløyma det.
Då eg var liten fekk eg krampe. Eg hadde sume tider vakna opp or svevne og skreke. Ein morgon sat eg inne i senga og sa: ”Eg ska få tri kruner når eg kjem til Himmelen”. Straks etter fekk eg krampe. Mor trudde nok eg hadde fare då. Jenny og Sofia (dernede) gjekk ut i kammerset og bad for meg. Mor gjorde nok det same. Eg vart bra. Sidan då eg vart stor, fortalde Jenny om bøna deira. Eg sa dei burde ikkje gjort det. Det var betre eg hadde fare då eg var liten.
Eg hugsar då Julie var fødd. Mor hadde sete og sydd på barnety, eg trur det var kvelden før. Eg tykkjer eg hugsar det var raud flanell ho sydde av. Eg hadde sett at dei vaksne førde tyet med fingeren. Eg skulle sy, og der køyrde eg nåla inn i fingeren min. Mor låg inne i stova. Tante Berta kom springande og gav meg sukker, raffinade, for at eg ikkje skulle skrika.
Ein dag leidde Maria gamle Skimla oppover gilen. Julie var lita då. Ho var visst borti halen på merra. Skimla var gamal og ser då, og tålde ikkje det. Ho spente etter Julie og traff henne. Eg hugsar dei bar Julie inn i senga. Det gjekk bra. Ho fekk ikkje nokon mein av det.
Ein gong sette Sylfest seg på brunnloket på brunnen nærast huset. Så glei brunnloket og han datt uti. Julie var der og, og ho sette i eit skrik. Eg trur det var Jenny som høyrde det og kom springande og fekk hala han opp.
Sør hjå Osmund gjekk det ein gong like eins. Det var i slåtten. Osmund skulle heim etter noko. Han høyrde då at Josefine skreik, og han tok ut til brunnen. Han fekk då berga Hans Ole som hadde dotte uti.
Side 5
Ein gong var alle mann på leiting etter Sylfest. Me leita alle stader og ropa på han. Til slutt fann einkvan han i hagen. Sengkleda låg ute til lufting. Han hadde tulla seg inn i eit teppe og der hadde han somna. Det vart vel glede då me fann han. Eg og tulla meg ofte bort. Dei hadde gjerne leita etter meg, så kom eg krypande opp mot huset. Eg gråt gjerne då.
Hanna fortalde meg om ei hending då ho var ung. Hans Elleflått, sonen til klokkaren, hadde vore på Stegaberg hjå onkelen sin og kjøpt ein gris. Hanna, Jenny og ei av oss minste skulle ”føra” han over fjorden. Dei prata og hadde det morosamt, men då dei var komne mest over oppdaga Hans at han hadde gløymt sekken med grisen heime på bryggja. Det gjekk for full fart attende, men då dei kom fram, fann dei sekken med grisen utfor bryggja. Han hadde skubba seg utfor og var drukna. Hans tok beina fatt det fortaste han vann og ut til onkelen etter ny gris. Minste jenta fekk pengar for at ho ikkje skulle seia det til nokon. Dei slapp beda Jenny om å teia. Ho greidde fint den kunsten. Så slapp dei heime hjå Hans få nyss om skøyteskapen hans.
Me talde på dagane når jula nærma seg. Me fekk til vanleg juletre. Me var gjerne i spaning like til afta. Far lova ikkje visst at me skulle få juletre. Men då dagen kom, gjekk han ned i hagen og hogg ei ven grein av ei furu der. Me hadde litt kjøpt juletrestas t.d. kuler i ymse fagre fargar. Barneaugo såg seg nok ikkje mette på dei. Og så klypte me korger og lekkjer m.m. Kvinnfolka baska med steiking og reingjering. Så var det gjerne griseslakting føre helga. Skjerer og kråker for på jakt etter avfall som var slengt bort. Julebanda vart hengde ut til småfuglane. Av og til var det småfuglar som forvilla seg inn i huset, til stor glede for dei minste. Eg minnest at Sylfest og eg hadde det annsamt med juleveden, då me var såpass store at me kunne hogga ved. Me bar veden i kiper opp på lemen og ladde han opp atmed røyren der.
Mor hadde det annsamt med å sy kjolar til oss. Ho sat gjerne til langt utover natta og sydde. Tyet var oftast grått eller myrkt, og så hadde gjerne kjolen ei brei folle framme. Det var veldig gildt å få ny kjole.
Side 6
Eg har helst minne om at me var i stampen litlejuleafta. Det var helst dei store som pynta juletreet. Me yngste ville gjerne kika inn, men dei putta berre papir i nykkelholet. Me venta i spaning på at døra skulle opnast. Då alle var ferdige gjekk me kring juletreet. Augo stråla omkapp med ljosa. Me song mange songar og hadde det gildt. Det var ikkje så mange gåver i den tida, men me fekk då eitkvart. Då mor var ferdig med maten bar det til bords. Hovudretten var risengrynsgraut med sukker og kanel på, og så god mjølk attåt.
Far las juleevangeliet og bad. Så song me. Me hadde juleheftet ”Glade jul” til lesestoff. Første juledag måtte ingen gå på vitjing til kvarandre. Men andre juledag fekk me gå til venene våre. Me fekk gjerne eitkvart godt. Julemenner, julekoner og julegeiter var vel det likaste me fekk.
Det budde nokon på ein annan gard. Kona var 20 år eldre enn mannen. Ho hadde gard. Det var vel eigentleg mor hans som hadde fått giftarmålet istand. Ho fekk gift ein annen son bort på same måten. Det kom av og til knute på tråden i det ekteskapet. Eg hugsar dei kom til mor. Ho skulle mekla. Me borna sat oppe på lemen. Me var forvitne og ville gjerne høyrt kva dei tala om, men det var uråd. Me fekk ikkje vita mykje av mor nei. Ho var alvorleg og roleg. Ho kom ikkje ut av likevekt så snart. Ho tala aldri overila. Ikkje trengde ho seg inn på oss heller.
Eg hugsar ein gong noko hadde vore tungt for meg ei tid, eg var vaksen då.
Langt om lenge fortalde eg henne om mine vanskar. Då sa ho: ”Eg har skjøna det heile tida”. Eg måtte undra meg kor skynsam ho var. Ho venta til eg kom sjøl.
I det kommunale arbeidet hadde far også prøvingar. Då han arbeidde for veg på vestsida av fjorden, vart dei andre på austsida i bygda sinte på han. Dei truande i Tysværbygda tala om at dei ville slutta å bruka han til å tala på møta. Då sa lærar Knut Lundervold til dei: ”Sluttar de å bruka han Kristoffer, kan de slutta å bruka meg og”. Dei orda tala dei til fornuft.
Side 7
Eg var vel storskulejente ein gong eg skulle vera med han far til Førdesfjorden med ei ku. Det var tidleg på morgonkvisten me gjekk utover. Det ljosna av dag då me kom utetter vegen, og morgonen var vakker. Då nytta far høvet til å snakka med meg om gudsforholdet mitt. Då eg gjekk for presten kom vekkjinga heime. Emmisær Time var der då. Me var så glade i han alle saman. Han gjekk ut og inn som heime. Då sa far til han ein dag. ”Ka tid trur du Gud skal få kroken i henne Kristina mi?”
Eg hadde teke avgjerda då, men eg hadde så lite med det å seia det.
Det var ein dag det skulle vera politisk møte i Tysvær. Eg trur det var Vinje som skulle tala. Eg hadde slik hug til å gå, men far sa nei. Eg gjekk ned på bøen og skulle raka. Då eg kom heimover møtte eg far. ”Vil du gå slik du er skal du få vera med”, sa far.
Eg spekulerte ofte på kvifor han ikkje ville ha meg med den gongen. Han erta meg sume tider for dei politiske interessene mine, og sa at eg kom til å koma på tinget. Far høyrde med til det ”Moderate partiet” og heldt ”Vestlandsposten”. Eg trudde naturlegvis at det var det beste partiet. Og sume andre i bygda stemde nok på det partiet fordi far gjorde det. Ein gong eg var stri på sosialistane, sa han stille:”Veit du kven som var den første sosialisten, Kristine?”. Eg fekk noko å tenkja på.
Han hadde stor interesse for skulen. Dei brukte Jensens Lesebok då. Nordahl Rolfsen si bok kom i den tida , men folk brydde seg ikkje om den nye boka. Eg minnest at sume av borna kalla boka”Rolpa”. Då eg kom til Oslo fortalde lærarinna mi fylgjande: Folka i grenda ville ikkje kjøpa den nye boka utan at far kjøpte ho til oss.
Ein dag hadde det vori framande heime. Eg hadde då fått ei krone hjå dei. Eg spurde heime om eg kunne gjera med henne som eg ville.
Dei svara : ”Ja”. Då sa eg: ”Då skal eg kjøpa lesebok for henne”.
Då frk.Gydal kom og skulle høyra korleis det gjekk, sa far: ”Kristine har greidd det sjølv,ho”. Ho hadde nok tala med far før og lagt inn eit godt ord for boka.
Side 8
Då han låg sjuk av slag, spurte han om ikkje Sylfest og eg kunne rekna medan me sat inne hjå han.
Ein dag hadde far funni eit papir. Det var nok eg som hadde prøvd meg på vers. Han vart interessert og ville få sjå kva eg bala med, men eg trur helst han ikkje fekk sjå det. Eg var for blyg av meg.
Eg minnest ein gong me var på ekra nordanfor huset og raka. Eg trur det var Sylfest som var med. Det var noko me ikkje lika av mor, og så sa eg: ”Ja det er alltid ho Sofia som er hævaste for ho mamma”. Då kom han far fram frå buskane og sa: ”Kven er det som er hævaste for han pappa då”? Å, du kor vi skamma oss. Han hadde slege gras inne mellom buskane, og me hadde ikkje sansa han. Han hadde høyrt alt me hadde sagt. Mor tykte alltid sers godt om snille ungar. Eg gjorde mykje ugagn då eg var bitte liten. Eg kunne sitja under bordet og dei høyrde ikkje ein knyst frå meg, men når dei skulle sjå til, hadde eg rive blad ut av bøker, fortalde mor. Eg kleiv høgt og lågt, som me seier. Eg kleiv opp på kommoden, og eg var ikkje stor jente før eg kleiv høgt opp i bjørka utanfor huset.
Så langt fortalde tante Kristine Apeland.