Då reisande ( fantar) kom til gards. Av Kristine Apeland

DÅ REISANDE ( fantar ) KOM TIL GARDS.

Det er tante Kristine Apeland som fortel. Ho var syster til mi mor Julie Marie. Kristine var lærar og levde frå 1894 til 1975 . Først litt om Apeland. Etterpå «Då reisande (fantar)» kom til gards.

Eg voks opp i ein heim på Vestlandet. Garden vår låg til sjøen. Fjorden var smal og fjella på andre sida spegla seg i sjøen. Kom ein opp på fjellet såg ein havet i vest og langt innover fjellheimen i aust. Eg trur dei sa at ein kunne sjå litt av 20 – 30 kyrkjesokner, når ein kom på høgste toppen. Alt var så rart når ein kom dit opp. Garden vår såg då ut til å vera som ei pannekake.

Sume tider om kveldane kunne vi høyra eit uhyggjeleg hu, jo, hu, jo, frå fjellet. Vi tykte skriket gjekk gjennom merg og bein. Det var hubroen som hadde reiret sitt der. Men når vi høyrde bekkesusen og orren kurra i lyngtuene lenger nord i fjellet, då var det festleg. I kring midtfjords, kanskje litt nærare andre stranda låg Skarveskjer. Der velta kobben seg og der sola han seg. Vi såg gjerne fleire hovud stikka opp der, men dei var vare og jumpa snart uti, når deg merka noko mistenkjeleg. Skarv, måke, tjeld, terne og tjuvjo skreik og svinga med rappe slag utover fjorden. Bjørk, osp, ask, eik og or spegla seg i sjøen. Det var så festleg å sitja nede ved stranda når sjøen låg blikande still. Men det var også moro når bårene skvala mot stranda. Då tok tanken på reis langt, langt ut i den vide verda.

Attmed naustet hadde vi badeplassen vår. Det var fin sandbotn eit stykke utover. Litt lenger sør var Bakkarebrotet. Det var ulovleg å våga seg frampå der for dei som ikkje kunne symja. Det var brådjupt der. Sume tider vassa vi berre eit stykke. Under steinane låg krabbane og lurde. Vi gjekk varsomt der. Vi var redde dei kvasse klørne, kan du veta. Vi hadde ofte moro av å sjå på åta, dei bitte små fiskungane. Dei spratt som piler under vatsyta, og vi prøvde å fanga dei. Om kvelden vakte torsk, sei og lyr. Mest liv vart det når makrellstimane kom og båtane var utpå etter dei.

Side 2

Folka i båtane skreik og gaula så det var mest ikkje råd for oss å høyra noko anna. Det var stor stas når vi fekk vera med å setja og dra garna. Vi ville aller helst vera med når dei skulle dra dei om morgonen. Vi måtte opp grytidleg då, veit du. Men det var ikkje vanskeleg å koma or senga, når vi skulle få vera med i båten. Vi strekte oss utover æsingen ( båtripa) og kika i garnet. Såg vi det glinsa i noko ljost, var det stor spaning. Så gildt det var å få fisk. Sume tider var det stinte og marulk i garnet. Dei heiv dei på sjøen eller tok dei med heim til katten. Det hente det var steinbit og, men då våga vi oss ikkje for nær. Vi var redde den kjeften. Det hente vi fekk håbrann og. Det var storfisken , veit du, og det var god mat på bordet. Sume tider fekk vi aure. Då var vi veldig glade. Til vanleg var det sei, lyr, flyndre, torsk og kviting, og sume andre fiskeslag. Då vi kom til lands, smaug dei vaksne fisken inn på ein kvist. Var ikkje honka for tung, fekk vi borna bera henne heim. Vi var ofte i fjøra og leita etter skjeler. Vi fann kyr, stutar, hestar og sauer og høns, som vi hadde i leikestovene våre. Sneglehusa kalla vi høns.
 
Oppe i skogen heldt småfuglane til. Det var eit brus av tonar. Dei jubla så tirlande reint og friskt. Staren song på stovetaket og svalene bygde reir i løa. Erla trippa utafor huset. Ho vippa med velet og leita etter mat. Gauken gol: Go -ko, go – ko så det ljoma. Vi var alltid redde for å herma etter gauken. Hermde vi etter han, blødde han på tunga, sa dei til oss. Såg vi ein liten raud flekk ute ein stad, var vi redde at nokon hadde vori stygge og hermt etter gauken. Lerka trilla sin glade song. Eg kan ikkje nemna alle songarane i skogen, men du kjenner dei nok. Vipa flaksa på myra. Siri, Eirik skreik dei. Men kom du i nærleiken av reiret vart dei reint ville. Dei skreik fælt og stod i. Eg tykte dei var så festlege med fjørtoppen på hovudet og den vakre metallglansen på fjørene.

Side 3

Det hende rett som det var at det kom framande på vitjing. Vi sat gjerne i fred og ro inne i stova eller ute på kjøkkenet. Då tok ho Freia, hunden vår, til å gøy rasande. Elles var ho snill. Små born drog henne ofte i halen. Dei velta henne og drog henne på ymse vis slik som slike små plar gjera, men ho lest ikkje merka det. No for ho nedover Sjoarvegen. Dei reisande kom med båt i dei tider, som oftast då. Jau , ho Freia ville varsla. Andre tider var det gjerne borna som sansa dei fyrst. Dei sprang då til dei andre og ropa: Det kjem eit fantefylgje. Vi glåma ut vindaugo, og då dei nerma seg huset, sprang vi gjerne til mor. Det var tryggast å vera i hennar nærleik då. Det var ofte eit stort fylgje. Konene hadde ofte småborn på ryggen. Det var gjerne born i alle aldrar. Det var smått stell med sko. Kleda var ofte fillute. Sume av kvinnfolka var meistrar i å tigga. Dei sa gjerne: Kan ikkje du kone gi oss ein liten ulldott? Har du ikkje ein gamal stakk til overs? Gjenta mi har mest ikkje sko på føtene. Du har vel alltids eit par som er vorti for små til ho som står der? Velsigne deg kona. Du ser så snill ut. Du har gjerne ein fleskebit til overs. Ein pose gryn kan du vel avstå? Dei var ikkje så blide alltid når dei ikkje fekk det dei ville ha. Mennene kom gjerne sist. Dei hadde ofte nokre svære hattar, og så hadde dei gjerne noko blekkspann hengjande i eit band kring aksla. Mennene såg ofte litt morske ut. Vi var reddast dei. Vi hadde høyrt at dei drakk og sloss. Men dei gjorde aldri oss noko vondt. Det var nok ikkje så lett å vera korkje fastbuande eller reisande i den tida. Det var ikkje så flust med pengar. Dei var vel meir freista til å stela dei som rak ikring slik. Og reisehugen hadde dei i blodet. No er vi snart reisande alle, berre på ein litt annan måte.

Side 4

No trur at eg vil fortelja deg om ein gong vi hyste reisande. Men det hende etter eg var vaksen. Det var ein fin sumarkveld. Sola var gjengen ned og fuglane hadde tagna i skogen. Vi var ferdige med arbeidet for dagen. Venninna mi, ho Karoline, kom heim til oss og skulle låna ein stamp. Ho skulle vaska klede dagen etter. Eg var med henne og bar stampen. Utanfor huset deira vart vi sitjande og tala saman. Og tida flaug av stad. Så med eitt byrja grannehunden å gøy så kvast og iltert. Det var berre nokre meter mellom husa deira. Det hadde alt myrkna, men vi såg at det kom ei dame og ein mann. Vi skjøna nok at det var reisande som var ute på ferd. Vi angra nok i vårt stille sind at vi skulle seti så lenge. Dei helsa god kveld og spurde om dei kunne få husvære for natta. Karoline sa som sant var at dei var lagde inne. Ho kunne ikkje uroa dei. Kona fortalde at mannen hadde vori sjuk. Det var visst lungebrand han hadde hatt. Eg sa god natt til Karoline. Vi får vel liggja ute då, sa kona. Dei tok til å traska bortetter bakken. Det var verkeleg vanskeleg. Kva skulle eg gjera? Tenk om dei skulle frysa forderva. Så sa eg til dei: De får vera med meg heim, så får vi sjå om det ikkje vert ei råd. Då vi nerma oss huset, sa eg at dei fekk venta så skulle eg gå inn og høyra om dei kunne få hus. Då eg kom til vindfanget, kom syster mi stormande mot meg. Du må skunda deg å koma inn så vi får låsa. Det kjem fantar, sa ho. Ja eg veit det. Eg har lova dei hus, sa eg. Eg var ikkje høg i hatten , kan du skjøna. Så gjekk vi inn i stova og tala med mor. Eg fortalte alt. Mor hadde lagt seg. No får de ta kleda dykkar her inn i stova i benken. Så får de liggja her. De får finna klede og laga til i kammerset åt dei. Vi så gjorde og eg gjekk ut og bad dei inn. De skjønar nok at dei vart glade då dei høyrde at dei skulle få hus.

Side 5

Mannen hosta fælt, så det var no rett sant at han hadde vore sjuk. Vi la oss då vi høyrde at dei var komne til ro i kammerset. Straks etter høyrde vi phø,hø frå mor si seng. Ho var alt sovna. Men vi to i benken vi sovna ikkje så lett. Vi berre låg og lydde etter lydane frå kammerset.   Dei harka og hosta der ute. Det vart myrke natta. Så høyrde vi at dei rusla oppe. Dei tok i dørklinka og kjøkkendøra gjekk opp. Så låg vi der og lydde.. Vi torde knapt pusta vi to, men frå mor si seng høyrde vi dei rolege, jamne ånde-draga. Ikkje torde vi tala til kvarandre heller, men vi trong ikkje ord. Vi tykte ikkje at tida tok ende. Det var vel aller verst for meg. Vi tre kvinnfolk var åleine heime. Bror min var borte nett i den tida. Eg tenkte at dei kanskje var fleire reisande ute og at mannen var gjengen ut etter dei. Hender det noko galt her i natt, så er det di skuld, sa eg til meg sjølv. Mange urolege tankar for gjennom heilen min. Det var då ei trøyst at båe var vakne. Det var då svært kor lang tid det tok før mannen kom innatt. Vi lydde og lydde. Ho mor ruska litt på seg, men snart var ho i drøymeland att. Ho hadde bede Gud halda si hand over oss og no sov ho så trygt. Syster mi og eg hadde nok og bede om det, men enno låg vi der så redde. Eg kjempa med Gud. Eg ville gjerne hjelpa dei stakkars krokane. Det var difor eg lova dei hus . Og no skulle det kanskje verta ei ulykke av det. Det fekk våga seg korleis det gjekk med meg, men det var verre skulle det henda mor mi og syster mi noko vondt.

Langt om lenge høyrde vi at mannen hosta att. No hadde vi narra oss sjølve. Han var komen inn att utan at vi hadde merkt det. Det var vel ein lette. Men no var vi komne so utor laget med svevnen at det var mest uråd å få sova. Timane snegla seg av stad, men ingenting vondt hende. Stoveklokka slo sine vakre malmfulle slag. Endeleg tok det til å ljosna. Fuglane tok til å kvitra i trea og hanen gol i hønsehuset. Og så leid det mot den tida at vi skulle stå opp. Spaninga var over. Du så glad eg var for at natta var over. Eg var så takksam mot Gud fordi vi skulle stå opp til ein ny dag, og at ingen ting vondt hadde hendt om natta.
                                                                                                                                                                             
Side 6

Mor stelte inne og syster mi og eg gjekk i fjøset. Vi måtte finna mat til hønsa og mjølka kyrne. Det var godt å leggja det trøytte hovudet mot den gode ku-kroppen. Mjølka sildra ned i bytta. Ho Krona såg så truverdig på meg med dei store, gode augo sine. Mjølka hennar var mest så gul som fløyte. Det var høg fett-prosent i den mjølka, skjønar du. Ho Skjønrei gav så mykje i bytta, men mjølka hennar var mykje tynnare. Vi måtte mjølka Fagerlin, Nettrei og Roselin og. Då vi var ferdige, måtte alle få ein klapp før eg gjekk. Eg torde ikkje gjera skil på dei, elles kunne dei verta ovundssjuke på kvarandre. Då vi kom inn, hadde mor koka kaffi og duka på bordet i stova. Dei tok til å røra på seg dei som var i kammerset og. Då dei kom ut på kjøken, bad mor dei til bords i stova. Dei åt og prata. De kan tru dei velsigna meg for at eg hadde bede dei med heim. Dei var så takksame for maten og alt. Dei hadde bra klede. Dei skulle innover for å få seg arbeid, sa dei. Men dei ana nok ikkje kor lang natta hadde vori for syster mi og meg. Vi får ikkje berre ljose dagar når vi prøver å leva etter Jesu sitt bod: Alt det då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de gjera mot dei. Men Gud vil styra alt til det beste for oss.

Dette er skrive av etter ein stensil eg fekk av tante Kristine Apeland . Ho var lærar på Hauge skule i Torvastad og levde frå 1894 til 1975. Ho vart 81 år gamal.

Skudeneshavn 26. januar 2015.  
Magne D. Apeland