Lærar på Hauge skule i Torvastad: Kristine Apeland, har skrive dette til barnebladet for
Det norske misjonsselskap, «Kom og Se » i 1960.
Kristine Apeland var født 14. sept. 1894 og døydde 14. juni 1975.
I DAG SKAL DU FÅ BLI MED MEG PÅ TUR 60 ÅR ATTENDE I TIDA.( Til år 1900 ).
Korleis var borna då? spør du gjerne. Jo dei var omtrent slik som borna er nå. Dei gråt og lo, dei sloss og leika seg og var ovundssuke på kvarandre av og til. Dei kjeklast av og til, men var og retteleg glade i kvarandre. Men dei måtte arbeida mykje meir i den tida. Det er nok slik nå og at dei som veks opp på gardar må tidleg vera med på gardsarbeid. Heimen min var på Vestlandet. Garden vår låg til sjøen, men husa låg langt oppe. Dei var bygde i vestlandsstil. Hovud inngongen var frå austsida. Gongen var i midten. Til venstre hadde vi då daglegstova og til høgre bestastova. Frå stovene gjekk vi inn i kammersa. Derifrå kunne vi gå inn i kjøkkenet. Frå kjøkkenet kom vi ut i vindfanget. Derifrå gjekk ei steintrapp ned på tunet.
Eg kom ein gong berrføtt og skulle ut i vindfanget. Då vart eg vel forstøkt. Attmed kjøkken-tråskålen ute i vindfanget altså, låg ein svær hoggorm. Onkelen vår var nett eit ærend oppe hjå oss. Han drap ormen.
Frå gongen gjekk trappa opp til loftet. Til høgre var ei liten sal. Der låg oftast gjestene våre. Mor var så glad når ho fekk gjester, især når det var slike som tala Guds ord. Aller gildast var det vel når misjonærar kom. Lenger innover mot venstre låg lemen. Der sov vi borna når vi vart større. Utanfor glaset på lemen var det ein apal. Var det sterk vind daska han med greinene mot veggen. Det var og kirsebærtre og nokre gamle plommetre. Det var ein steingard kring hagen. Rett utanfor var det ein raun og ei bjørk. Vest i hagen låg eldhuset og smia. I eldhuset var det ein turkeomn. Der kunne dei turka korn. Søraust for hagen låg løa. Litt vest for stovehuset låg brunnane. Vi brukte brunnen nærast huset til vaskevatn. Vi hadde ein stamp ståande der. Der auste vi opp vatn til kyrne når dei kom tyrste heim frå bøen om kvelden. Då kan du tru det var liv. Dei stongast og sloss for å koma fyrst til stampen.
Ein dag leika Ludvig, bror min, og Maria, minste syster vår, attmed brunnen. Ludvig sette seg på brunnloket. Loket må ha lege litt skeivt. Loket glei og han datt i brunnen. Vesle Maria ana visst at det var farleg. Ho sette i eit skrik. Syster vår høyrde det og kom springande. Ho bøygde seg ned, fekk tak i han og drog han opp. Ho bar han inn, fekk kleda av han og fekk han i seng. Det gjekk bra. Mange år seinare fall ho sjølv i klårevass-brunnen. Ho skulle henta vatn. Då ho bøygde seg fram mista ho fotfestet og fall på hovudet ned i brunnen. Ho trudde fyrst at ho kom til å drukna, men så fekk ho tak i steinane og kom seg opp.
Attmed den brunnen sto det ein asal. Bæra lyste så vakkert og dei var så gode på smak, tykte vi. Far planta graner attmed skiftesgarden mellom oss og grannen. I den nedre hagen var det nokre lerketre, furuer og store aplar. Det var så utifrå gode eple på den eine apalen. Vi kalla dei sukkereple. Dei var så svære og så raude. Hadde det blåse ei haustnatt var vi tidleg oppe for å koma oss ned i hagen. Dei epla som hadde falle ned, hadde vi lov å ta. På bøen elles voks bjørk, ask, eik, or, lind og selje og sume andre treslag. Ospa må eg ikkje gløyma. Eg kunne ikkje sjå meg mett på henne då ho stod i si store fargeprakt om hausten. Det var så morosamt med dei runde blada på dei lange stilkane. Blada skolv for det minste vindgufs.
Side 2
Vi hadde ikkje elektrisk ljos i den tida. Vi kjøpte heller ikkje kol og koks. Det hendte vi hogg famneved av bjørka. Vi selde den. Så hogg vi ved til heimebruk. Eg hugsar kor bror min og eg strevde med juleveden. Vi saga og hogg og så bar vi veden i kiper opp på lemen. Vi lødde han opp atmed røyren. Han skulle turka der, så vi kunne få fin, turr juleved. Men torva var vissaste brennefanget. Nordanfor huset var det nokre små bærhaugar. Der fann vi blokkebær, hønsebær og krekling.( Krekebær). Det var eitt og anna blåbæret og, men det var mest blokkebær. Det var stor stas når det tok til å blåne på tuvene. Fekk vi sukker og mjølk på, nam, nam, så godt det var. Men sukkeret var dyrt, så det gjekk ikkje så ofte på at vi fekk det. På nordre haugen, Gunnarshaugen, låg ein stor kløyvd stein. Der leika vi. Så bar det ned til bærtuvene. Den som fann ei god tuve ropa då: «Fusii mi tuve». Då måtte dei andre på leiting etter andre tuver. Nordanfor bærhaugane låg eit tjørn. Ho var lita, men gutane tetta henne til, så ho vart ikkje så verst. Vi hadde mykje moro på den om vintrane. Nedanfor bærhaugane låg myra. Midt i myra var det ei veite. Der hende det noko ein dag. Eg trur det helst var den gamle misjonær Titlestad som var hjå oss. Vi borna tykte han såg så vyrdsam ut med det kvite håret og det lange kvite skjegget. Eg hugsar han slo vesle bror min på skuldra og sa: » Vil du være med meg til Zululand du?» Vi kom til å sjå bort på myra. Der såg vi hovudet og halsen av Bruna stakk opp or veita. Vi varsla dei heime. Andre sprang til grannane. Stakkars snille Bruna. Ho kneggja og kava for å koma seg opp. Men di meir ho streva, di djupare sokk ho. Spræke, sterke karar kom. Dei hadde tau og plankar med seg. Bruna hadde nok ottast for at ho ikkje skulle koma seg opp. Ho vart roleg då ho skjøna at ho fekk hjelp. Dei kava og sleit, og glade var dei og Bruna då dei fekk henne på fast grunn.
Det var mykje spaning med den veita. Det var iltre, brune humler der. Vi var reddare dei enn dei andre humlene. Så var det nokre stygge iglar der. Me kalla dei blodiglar eller mariglar. Beit dei seg fast på oss, kunne vi ikkje få dei av og dei ville syga alt blodet or oss, fortalde dei vaksne oss. Vi gjekk varsomt når vi kom i nærleiken av veita, især når vi var berrfota. Ein gong vart det gravleggjing og på den myra. Det bar slik til. Ein morgon dei kom i fjøset, var stuten vår reint vill. Han sparka og vrei seg og skapte seg slik at ein kunne tru han hadde mist vetet. Til slutt måtte far slakta han. Dyrlækjaren kunne så fortelja at det var miltbrann. Dei måtte vaska med lysol på marka og, for sjukdomen var så smittsam. Og så bar det bort til myra. Der grov dei ei djup grav og la stuten nedi. Dei måtte setja opp eit gjerde kring grava. Graset var altid så stritt og kvitt der sidan.
Lengst nord på myra spadde vi torv. Det var nok der vi bar dei fyrste torvene våre. Vi drog nok helst dei fyrste torvene våre, dei var så tunge. Vi orka mest ikkje å bera dei. Men vi var veldig stolte. Vi kunne då hjelpa dei vaksne. Vi spadde torv fleire stader, men eg vil helst fortelja deg om Storamyrå.
Frå huset og løa gjekk ein veg opp til hovudvegen. Vi kalla den vegen Jilen. Der jaga vi kyrne når dei skulle opp i marka om morgonen og nedatt om kvelden. Når vi kom opp Jilen, var det ein steingard mellom heimebøen og utemarka. Skimla heitte merra vår. Ho var gamal og ser og det skulle ikkje mange båsa til, før ho la øyro attende og gliste med dei store tennene. Ein dag gjekk eldste syster mi bortover Jilen med Skimla. Vesle Marie kom etterpå. Kanskje ho kom borti halen til merra. Med eitt sparka Skimla attover med foten og traff vesle Marie. Dei bar vesle Marie inn og la henne i kammers-senga. Ho låg der så bleik. Vi stod der så forferda og såg på henne. Men ho kom seg og fekk ikkje nokon mein av det.
Side 3
Ein morgon gjekk mor oppover med kyrne. Eg tykte det vart så lenge før ho kom att. Eg venta og venta, men ho var ikkje å sjå. Skal tru om ho var komen til noko. Ho hadde kanskje vorte sjuk. Eg vart så uroleg. Eg måtte opp for å sjå, men då eg nærma meg garden, høyrde eg at mor tala. Då skjøna eg det. Ho mor bad. Ho mor bad ofte med oss. Nå greip det meg slik at ho måtte vera åleine med Gud. Eg var så stor at eg hadde høyrt om Jakob. Med eitt vart orda levande for meg. » Her er et hellig sted. Her er Guds hus. Her er himmelens port.» Eg kjende det slik kvar gong eg gjekk framom der lenge etter. Mange år etter vart det reist eit bedehus nett ovanfor den staden. Eg tykte det høvde så godt.
Nokre meter lenger sør attmed hovudvegen låg kvernhuset vårt. Frå nokre store vatn oppe i fjellet kom bekken. Ovanfor kvernhuset hadde vi slåkdammen. Det var moro å sjå når dei opna luka og vatnet fossa ned og sette hjulet i gong. Inne i kvernhuset var det eit rom til å turka kornet og eit til malinga. Eg hugsar så godt at far bar kornsekker opp og kom berande heimatt, gjerne seint på kvelden, med mjølsekken. Vi borna leika ofte attmed slåkdammen. Vi laga ballar av leira. Vi fekk ikkje arbeida korkje med leir eller plastilina på skulen i den tida, ser du.
Nokre meter sør for kvernhuset var ein steingard. Den skilde mellom vår og grannen si utmark. Sume tider samla hestane seg der. Dei stod med bakane mot garden. No vert det vind, sa dei gamle. Det var så morosamt å sjå når hestane sprang. Men det var ikkje så gildt å møta dei når dei kom bygsande og eg kanskje var åleine på vegen. Då gjekk eg å bad. Den Gud vil bevare er utan all fare. Og godt gjekk det alltid.
Rett opp for grinda mellom heimebøen og utemarka, gjekk vegen opp til Storamyrå. Det tok kring ein halv time å gå dit. Det var jamn stigning oppetter. Det var ikkje asfaltveg, må du tru. Litt før torvkøyringa, samla mannfolka seg og ordna vegen såpass at dei kunne koma fram med sledane. Men steinar var det nok av. Dei fyrste gongene vi gjekk vegen, fekk vi vera med å bera mat til dei som arbeidde i myra. Det var middagsmat vi skulle gå med. Best vi gjekk, såg vi gjerne noko som glima, så vakkert. Nei sjå den fine steinen eg fann, sa gjerne dei små som gjekk der for fyrste gong. Det er kråkesylv, sa dei store. Vi fikta på og gjekk og då vi kom ovanfor leite der oppe, såg vi Longavatnet. Då hadde vi gjenge halve vegen. Vi tykte vatnet var svært stort. Ved sida av vegen, var eit lite berg. Det var ei gruve der laga av steinar. Der kunne dei setja gryta når dei skulle koka klede. I turkesumrar måtte gjerne kvinnfolka dit opp for å vaska. Vatnet var så mjukt og godt til å vaska i. Dei kunne vaska og skyla kleda i vatnet. Dei vart så overlag kvite og fine då. Vi vassa ofte eit lite stykke frå land. Vi hadde ikkje lov å bada der. Vi kunne bada i sjøen, meinte dei vaksne.
Litt lenger ute var ein stor stein. Vi kleiv gjerne opp der når det var klårt og fint ver. Kva trur du vi såg då? Å vi såg så langt, langt innetter, blåne etter blåne. Langt inn i fjellheimen såg vi ein kvit flekk som skein i sola. Det var Folgefonna. Då vi kom litt lenger fram, måtte vi ofte ta ein avstikkar ovanfor vegen. Der låg ein sundkløyvd stein. Du spør gjerne om det var noko merkeleg. Jo det var det. Steinbetane var så rette. Det var inga mannehand som hadde brukt sleggja. Ein dag eller kanskje det var ei natt, hadde det vorti så mørkt. Svarte skyer trekte seg saman på himmelen. Det lukta svovel. Så kom det eit stort lyn og eit fælsleg smell. Og så var det ei røys att der steinen hadde lege.
Side 4
Ein rev sat gjerne og skolv inni hola si og ramnane skreik stygt. Vi stod der så stille og høgtidsame og såg på steinhaugen. Naturkrafta var stor og mystisk. Dei første gongene vi gjekk, tykte vi vel vegen var dryg. Det vart vel ei glede då vi fekk sjå myra og berget der gruva var. Dei som venta på mat var ikkje mindre glade.
Eg tykte det var så koseleg i Storamyrå. Eg bar mange torver der sidan. Har du som les barnebladet «Kom og Se» vori med i ei torvmyr? Du må få høyra litt om arbeidet og. Tidleg om morgonen drog vi heimanfrå. Vi hadde med oss spadar, greiper, øks, matkorg, mjølkespann og kaffikjel. Då vi kom ut skulle mannfolka bassa av. Dei spadde bort lyng og mold til dei kom ned til tovet. Dei hadde streka ut ein firkant. Den første torva dei spadde kalla vi skalken. Dei minste fekk bera skalkane. Når dei spadde første djupna, måtte dei setja att ein kant mot vatnet. Den kanten kalla vi vassbenken. Den kanten måtte stå til dei hadde heve opp all torva, elles ville vatnet koma inn. Berarane kom til kanten av skjøra med greipa og så la han som spadde torva på greipa. Beraren for av stad med torva. Så kom neste berar og fekk si torva. Dei for i full fart bortover og la torvene fint ved sida av kvarandre bortover lyngmarka. Var dei heldige kunne dei få 4- 5 djupner. Men då var det tungt å hiva opp. Til slutt måtte dei ta vassbenken. Det var litt spanande , tykte eg. Men det var morosamt å sjå når vatnet fossa inn i den djupe, tome hola. Eg hadde gjerne ein liten otte for at spadaren kunne missa fotfestet og falla i vatnet. Eg var difor glad når han kom vel frå det. Det såg stygt ut sume tider, men det gjekk alltid bra. Men det gjekk ikkje alltid glatt med å få opp torv. Sume tider råka dei på røter. Då måtte dei gjerne til med øksa for å få opp røtene. Dei stabla då røtene saman. Dei såg mest ut som slike troll du ser på teikningar. Når rota var turr, køyrde dei ho heim. Ho var så god til kveksle når dei skulle fyra opp i omnen. Men korleis var nå røtene komne der? Du som går i skulen veit nok at det for hundrevis av år sidan stod høg skog der. Så tente lynet fyr på skogen. Røtene har lege der sidan. Det hender at dei finn trestammer og. Det er vel helst eik. I Storamyrå var det svart, tungt torv sume stader. Vi kalla det steinkol-torv. Det vermde så godt og var drygt. Andre stader var det mosatorv. Det var brunt og lett. Det var mykje mindre gagn i det til å verma.
Skein sola og det var stilt, kunne det verta steikjande heitt. Då kan du tru sveitten draup. Vi stunda då til måltida borte ved gruva. Det smaka godt å få sitja seg på steinbenken og få mat i den svoltne munnen og magen. Etter måltidet, i allefall middagsmålet, la far seg i lyngen og tok trøya over hovudet. Han snorka snart. Dei største sydde gjerne hardangersaum, men det gjekk vel helst på munking. Eg tykte det var så festleg når myrulla dubba og vinden susa i lyngen. Då drøymde eg dagdraumar og for på oppdagarferd langt, langt inn i Tankeland. Men innsekta plaga oss ofte. Flugene var brysame, men eg trur mest kleggen var verst. Det var dei store grå vi kalla blindingar og så dei mindre med gullgrøne glinsande augo og svartspreklute venger. Då vi var små, var vi reddast augnestikkarane. Vi hadde høyrt at fekk dei stikka oss på augo vart vi blinde.
Vi kjende fæl tev av daude saueskrottar sume tider. Sauene hadde vel helst drukna. Det var mat for ramnen, veit du. Bekkasinen flaug over av og til. Vi hadde også vitjing av småfuglar. Vi såg ein gong ei lita fuglemor i reiret sitt. Då vi kom dagen etter og skulle sjå om venene våre, var reiret tomt. Vi vart så sorgfulle. Vi trudde at det var ormen som hadde vori der. Han hadde stira på fuglemora og trolla henne til ho ikkje kunne røra seg av flekken. Så hadde han reist med alt.
Side 5
Sume tider kom svartsidete og raude kyr frå grannebygda og vassa langt ut i myra etter graset der. Eg trur dei kom vel frå det oftast. Av og til kom ein mann med stokk i handa og eit tau under armen. Han var ute på leiting etter dyr han hadde mist. Han ropa til oss for å høyra om vi hadde sett dei. Sume tider kom fluger ned i melka. Eg hugsar eit år det var så galt. Ein gut frå ein annan gard, spadde då. Han og bror vår erta oss slik. Nå skal de få ferskt kjøt, sa dei. Vi orka mest ikkje å drikka mjølka. Men det var gode oppkomer med friskt, kaldt vatn i myra. Det smaka godt å koma heim om kvelden etter ein annsam dag. Vi var sjølvsagt glade då vi var ferdige med spadinga. Var det solskin og litt vind, måtte vi snart til myra att for å krakka torvet. Vi sette då to torver mot kvarandre slik at sola fekk skina på dei sidene som hadde lege mot jord.
Syster mi og eg var ein gong i myra og skulle stella med torvet. Ho hadde ein mablis, ei kvit, rund kule som det var gule, grøne, raude og blå striper kring. Eg tok og gøymde kula i molda for å erta henne. Men då eg skulle ta kula att, var det umogleg for meg å finna henne. Du, så lei eg var. Eg leita visst mange gonger seinare og, men kula var og vart borte. Då torvene i krakken var turre, måtte vi pjuka. Vi sette nokre torver inn til krakken og la nokre torver ovanpå der att. Sume laga ruk og. Dei laga ein stor stakk av torv. Då kunne det stå slik til vinteren, til det var frose på myra. Då kunne dei køyra heilt fram til torvet. Vi køyrde det helst om sumaren. Vi køyrde det i kjerre eller slede. Var myra blaut, måtte vi gjerne bera det lang veg. Dei som var heime, måtte lø torvet i torvhuset medan dei som køyrde for etter nytt lass. Det var ofte vondt å sjå kleggane beit hesten. Dei sette seg endåtil i augnegropa. Hesten hytta med luggen og spente med føtene, men det nytta lite. Vi måtte hjelpa hesten og slå etter innsekta, men dei kom snart attende.
Du kan tru det hende meg noko rart ein gong eg var i myra etter torv. Vi hadde ei gamal merr då. Eg var åleine i myra og det var siste lasset den dagen. Eg hadde vel lest vel halve lasset. Med eitt spissa merro øyro og lydde. Ho vart så uroleg. Eg høyrde ingen ting. Eg var etter nye torver, men då tok ho i veg heimover. Eg måtte la torvene liggja og springa etter henne. Eg måtte køyra heim om lasset ikkje var fullt. Eg har ofte undra meg på kva det var som uroa henne. Eg kan mest ikkje tru at det var lengt etter kvile som dreiv henne.
Nå er det fire små born på garden heime. Største gjenta skal byrja på skulen til hausten. Dei gled seg til kvar gong «Kom og Se» skal koma. Då må mamma, pappa, bestemor eller bestefar lesa til dei. Men på Storamyrå og dei andre myrane ute i marka har det vori audt lenge nå. Myrgras og vassliljer veks der nå og. Små og store fuglar flaksar over myra, vinden tyt som han gjorde før. Raudrevane gassar seg i holene sine, men du høyrer ikkje små trippande føter meir. Det er sjeldan vaksne og fer den vegen nå.
Eg, Magne Dagfinn Apeland, har skrive dette av frå tettskriven stensil eg fekk frå tante Kristne Apeland før ho døydde 1975. Eg legg dette og ut på mi heimeside. Skudeneshavn 20. juli 2015.