Frå venstre: Hans Ole, Mathias, Josefine, Marta, Gjertrud og Janna.
Side 1
Vedk. Apelandsslekta på min far, Hans Ole Apeland, si side.
( Dette er skrive og sendt til Magnhild Apeland på Lillehammer. Ho er dotter til Jakob Apeland på Ås. Ho er arkitekt. Magnhild arbeidde i tillegg med ei slektsbok.)
Litt om mine tanter og onklar på farsida mi.
Når det gjeld onkel Konrad i U.S.A brevveksla mi mor, Julie Marie, med kona til Konrad. Me fekk besøk av borna Russel og June med ektefeller i 1980, som du kjenner til. Søster vår, Margit Førland , i Skien og mannen Johannes var i U.S.A. på psykologi
konferanse i år 2000. Då besøkte dei familien til Russel og Barbara. Eg har sendt og fått julebrev i 30 år etter dei var heime. Det same for June. Også til jul i 2010 fekk me julebrev også frå June.
Tante Marta Frinkmann sendte pakkar til oss etter krigen i 1945. Eg var 7 år i 1945 og hugsar godt pakkane me fekk frå henne. Eg tvilar på om me fekk pakkar i krigen, men er usikker på det. Eg hugsar at tante sendte kler. Det var kjolar og genserar og forskjellig anna. Det var rasjonering her etter krigen og. Så eg trur ho sendte kaffi og andre ting og.
Onkel Mathias dreiv garden som hans far, Osmund, var frå på Kallevik Førdesfjorden.
Det var etter han var farmar i U.S.A. Det var kort tid han dreiv på Kallevik. På den tid høyrde Kallevik til Avaldsnes kommune.
Eg hugsar onkel Mathias frå besøk hjå dei på Apeland før og etter bestemor Jakobine døydde. Det var alltid koseleg å koma til dei og pannekaker og lappar vart i allefall servert. Eg var nok mest i lag med onkelen din, Bjarne. Me var like gamle og gjekk i lag på skulen. Eg var og med på arbeid i slåtten( arbeid med høyet) hjå onkel nokre få gonger. Mitt inntrykk var at onkel Mathias var flink og dyktig gardbrukar. Han var ein solid, hyggjeleg og stødig person. Så hadde han og ei hyggjeleg og drivande kone, tante Juline. Dei var og flinke når det galdt bærproduksjon. Tante selde vel og bær på torget i Haugesund. Du og din far veit nok meir til å skriva om, når det gjeld Juline og Mathias.
Dei var og på besøk hjå oss på Førland. Dei var vel og med på bedehuset og i kyrkja.
Tante Josefine Rønnevik hugsa eg som ei stillfarande dame. Ho vart enke i ung alder og sat att på den vesle garden på Rønnevik med to små born, Olav og Gunnbjørg. Eg var med Olav i torvmyra og bar torv nokre gonger. Før og etter arbeidet traff eg tante i huset. Ho hadde eit godt og fint smil. Søster mi, Liv Solveig, fortel at ho var med Olav på jordbærplukking. Ein dag vart det masse regn og Liv Solveig hadde ikkje gode regnkler.
Då sa tante: «Ta desse pengane og kjøp deg regnkler. Far din, Hans Ole, hjelpte meg mange gonger når eg hadde det vanskeleg». Mi mor fortalte meg at tante Josefine fekk hjelp av foreldra og av søskina på Apeland og, då ho vart enka. Olav budde visst og ein periode på Apeland hjå besteforeldra og tante og onkel. Det var alltid kjekt å koma til tante Josefine og.
Side 2
Tante Janna Næss i Haugesund budde i 2. etj. i Skåregata i Haugesund. Mannen, onkel Bertel, arbeidde i kommunen. Eg hugsar han sat på spesiell krakk og la gatestein ein gong eg traff har på arbeid i byen. Når far eller mor tok oss med til Haugesund var det vanleg å ta ein tur oppom til tante Janna. Då var det servering av kaffi for dei vaksne med noko attåt og eit kvart til oss ongane. Tante Janna var ei fin bydame. Alltid koseleg å treffa henne. Etter ho vart enka tok ho ofte tur inn til oss på søndagane og andre helgar. Ei påskehelg var ho hjå oss frå onsdag før skjertorsdag og etter eit par dagar gjekk turen for henne til Apeland. I studietida mi i Oslo køyrde eg drosje sommaren 1964. Me hadde då fått vårt første barn, Jorunn Marie. Eg lånte den eine drosjen ei veke og køyrde heim til Førland med mercedesen. Me har bilde av at eg tok med tante Janna ,far og mor på køyretur til Kallevik. Me besøkte Nils Yspemyr Kallevik og familien hans. Nils var søskenbarn til far og dreiv garden bestefar Osmund var frå. Tante Janna var og med då eg henta tante Marta, far og mor til besøk i Skudeneshavn i 1969.
Tante Gjertrud Apeland kan sikkert Jakob fortelja meir om. Dei var naboar på Apeland og «gjekk vel meir i dørene» til kvarandre. Tante Gjertrud og onkel Sylfest hugsar eg frå besøk hjå dei og besøk hjå oss. Heile søskenflokken til Mathias hadde eg inntrykk av besøkte kvarandre ofte. Det galdt og den yngre garde- neste generasjon. Eg hugsa bestastova vår i gamlehuset var full mange gonger. Tante Gjertrud og onkel Sylfest har eg berre gode minne frå. Tante Gjertrud var nok meir utadvendt og prata meir enn Janna og Josefine. Eg har minne frå besøk der samtalen i stova gjekk livleg mellom dei eldre. Me ungane blanda oss ikkje inn i dei samtalane.
Åsmund Apeland og seinare Geir og familien har me hatt ein god del kontakt med avdi dei pakta garden vår på Førland frå slutten på 1960 talet.
I Slektheftene som vart laga til slektstemnet me hadde på Stemnestaden i Grinde i år 2000 skreiv Åsmund Apeland ei innleiing om livet på Apelandsgardane.
Far, Hans Ole Apeland, var snekker i Brooklyn frå 1924 til 1929. Han var heime ein tur i ved juletider i 1926. Mor og far kjøpte seg hus i Haugesund. Så var det dårlege tider for arbeid i U.S.A og i Norge på 1930 talet. Dei selde huset i Haugesund og kjøpte garden på Førland. Det første dei gjorde der var å byggja ny løe. Far kjøpte eit sjøhus i Haugesund, som skulle rivast. Materialene vart frakta på båt til Neskaien. Dei siste par kilometerane vart dei frakta med hest heim til Førland. Deler av materialane var nytta i løa. Mor har fortalt at både onkel Sylfest og onkel Mathias hjelpe far med dette arbeidet. Slik hjelpte dei kvarandre.
Far spelte trekkspel som ung, men då han som pensjonist kjøpte seg trekkspel igjen, var fingrane litt for stive til at det vart speling. Han «klimra» litt på gitaren hugsar eg.
Far var snill og tok seg av oss i oppveksten. Han tok meg med på tur til Apeland på sykkel, hugsar eg. Var me fleire som skulle avgarde gjekk turen i stolkjerre eller i hestetrilla. Han lurte ein gong på om han skulle kjøpa bil, men det vart det ikkje. Far bygde mange nye hus og hytter på Haugalandet og reparerte mange hus. Me fekk vera med ein del på arbeid med han i ungdommen. Han dreiv garden og var snekker i tillegg. Sjøl om mor hadde 11 ungar var ho aktivt med i arbeidet på garden og inne. Dei hadde god hjelp av ungane.
Side 3
Mor var alltid den stabile i vår heim og me ungane var nok nær knytta til henne. Eg er ein av ungane som alltid kjente meg nær knytta til far og. Få konflikter hadde me, sjøl om det heile tida var mykje arbeid på garden. Dei siste 15 åra vart ein god periode for far og mor. Då fekk dei og tid til å delta meir m.a. i bedehus og kyrkje. Far døydde då han var 83 år. Den siste tida var han litt ør og ca. 2 månader var han på sjukeheimen. Mor vart 91 år og klår i hovudet til det siste.
Skudeneshavn 6. mai 2011
Magne D. Apeland