Magne sin 7. sans april- des. 1954

Magne Dagfinn Apeland 18 årFotoet er tatt  av Robert Sørås.

Magne likar kålrabi, ser det ut til.

Notat / utdrag frå Magnes 7. sans- bok frå 1954.

Eg var heime på Førland til august 1955 etter eg var ferdig på Tryggheim Ungdomsskule på Nærbø 5. april 1954. Utdraga viser korleis ein del av  dagane var på den tida eg var 16 år.

6.-8. april 1954 Eg var på Sagbakken og skar materialer til det nya huset på Førland.

10. april. Me hadde ungdomsmøte på Førland. Eg fortalte om/frå Tryggheim.

12. april. Me tok opp den gamle vannledningen til løa.

13. april. Me la ned ny vannledning til løa. Den gamle var ødelagt.

14. april. Eg var i Haugesund og handla til påske.

Brev frå Reinert Fjermestad (romkamerat frå Tryggheim)

15. april skjærtorsdag. Eg var hjå Kristoffer og Ruth.

16. april langfredag. Eg var på møte på bedehuset Førland. Ferdavåg talte.

Åsmund og Berta Apeland var hjå oss.

Lørdag 17. april. Leif og Kåre har køyrt ut 10 lass stallhevd på frukttrea dei har planta. (Kåre hadde trea med frå jordbrukskulen i Nedstrand der han var elev.)

Eg har køyrt ut kunsthevd på ekra i alt 1750 kilo= 5 blandingar. Ruth kom heim frå sjukehuset.

1. påskedag 18. april Eg var på møte på bedehuset Førland. Ferdavåg talte.

2. påskedag 19. april. Bjarne, Kåre og Karen Apeland var hjå oss.

20. april. Eg sådde ut 700 kilo kunsthevd= 2 blandingar. Eg og Sverre pløyde opp ny åker ved drivhuset.

21. april. Kåre og eg køyrde ut 60 lass stallhevd. Eg var hjå Kristoffer og Ruth ein tur.

Lørdag 24. april Me hadde yngres og årsmøte med valg, hjå Knut Askeland. Eg vart vald til kasserar i yngres.

22. april. Eg tok mot yngres-kassen av Dagny Førland. Var på Vårbud- Lilleyngres.

Måndag 26. april. Øystein og eg pløyde. Kåre og Leif grov veiter.

27. april Me køyrde ut lan.

28. april Me køyrde ut lan.

Dyrlege Steinsnes var her til kua Lokrei.

29. mai. 17. mai komité-møte på skulen kl. 20.30. Me vart ferdig med å køyra ut lan.

30. april. Kåre og eg var i Haugesund med grisungar.

Lørdag 1. mai Eg var på basar. Eg ordna litt med sykkelen min.

Søndag 2.mai Margit, Sigbjørg og eg var på søndagsmøte. Me var 6 tilsaman. Me hadde det gildt og godt saman.

3. mai. Henry Askeland køyrde heim all sjellsanden vår, i alt 3 lass. Fekk brev frå Hjørdis Natland (Tryggheim elev). Eg skreiv brev til Johannes Førland.

4. mai Sende brev til L.O.G.

6. mai. 17. mai komité-møte.

14. mai. Fekk brev frå Lars Skjervik( Tryggheim elev). Sendte brev til Lars Skjervik.

15. mai. Eg klypte meg hjå Nils Fremmersvik. Bet. 1 kr.

17. mai Eg var på Førland til kl. 18,00. Om kvelden var me ein gjeng på Torghallen i Haugesund på fest. Det var ein gild dag.

19. mai Øystein og mor var i Haugesund til dokter. Øystein for handa og mor for øyra.

20. mai. Vart ferdig med å setja opp telefonstolpar.

21. mai Me grov over vannledningen til løa. Hogde bort trea for telefon-linja.

Lørdag 22. mai. Eg hyppa i potetene (med hest og hyppe). Knut Askeland var ikkje på yngres.

Side 2.

24. mai 1954.. Kåre og eg kapsla alle sauene mot leverikta.

26. mai. Margit og eg var i Haugesund og kjøpte dress til meg. Dressen kosta meg 195 kroner. Eg fekk avslag. Prisen var 240 kr.

Kr. himmelfartsdag 27. mai. Margit og eg var på ungdomsstemne på Finnøy. Det var fint ver og me hadde det gildt. Me reiste med skøyta frå Tysvær. Der var ein frå Vest- Madagaskar på stemnet.

Lørdag 29. mai. Me sette ferdig veita ved Urang si hytte. Eg var ikkje på YA (yngres).

Søndag 30. mai. Mor og far var på tur til Nedstrand.

Lørdag 5. juni Tante Kristine, Ingolf og Marie Hellesbust kom til oss.

1. pinsedag 6. juni 1954 Eg skreiv brev til Hjørdis Natland. Me var å bada.

2. pinsedag. Eg var i byen.

Tysdag 8. juni. Eg var med far og Kåre hjå Mathias Moksheim på Klovning. Kåre og eg byrja å pappa huset.

Onsdag 9. juni Me kledde noko på loftet og pappa vidare på huset. Kåre begynte å klyppa sauene.

Torsdag 10. juni. Kåre klypte ferdig sauene og så vaska me dei. Me planta 345 kål. Kåre var heime heile dagen.

Fredag 11. juni. Me vart ferdige å tynna roene og tynna ein del av kålrota. Me har rotvekstar i heile dalen og 2,5 mål utenom.

Lørdag 12. juni. Me slo utor hagane. Eg planta ut salat i åker nr.1. Mor er i byen. Øystein og Margit er på basar.

Søndag 13. juni Far, mor og Solveig er i byen. Margit er i kyrkja. Eg koka middag m.m.

Måndag 14. juni. Eg sådde noko salat (Hjerter ess).

Torsdag 17. juni Den store sugga «grisa» ( fødde ungar). Ho fekk 12 grisungar. Øystein og eg planta ut salat i dei to andre åkrane. Me vart ferdige med å tynna og lugga.

Fredag 18. juni Me rydda ut av låven. Kåre og Øystein hyppa.

Lørdag 19. juni Me rydda i kjerrehuset. Far var i byen. Margit var i byen på årsmøte for Karmsund Indremisjon.

Søndag 20. juni Margit er i byen på årsmøte for Karmsund Indremisjon.

21.+ 22.+ 24 Arbeid hjå M.Moksheim.

23. juni. Dagros kalva. Eg var heime om kvelden. Margit, Sverre og Øystein var i Grinde. Det regna fælt denne (St. Hans afta) om kvelden.

25. juni. Eg klypte meg hjå Kristoffer.

26. juni Eg reiste til Tryggheim på elevstemne.

27. juni Kåre er 20 år. Eg på elevstemne Tryggheim. Me hadde fint ver og hadde det gildt.

28. juni Eg reiste heim frå Tryggheim. Eg snakka med Jackie (Jakobine).

Onsdag 30. juni 1954. Me opplevde TOTAL SOLFORMØRKELSE.

Side 3

1. juli 1954 Liv Solveig er 7 år.

2. juli Else Førland kom heim frå Bergen.

3. Lørdag 3. juli Eg leia ungdomsmøtet.

Søndag 4. juli Herman Log, Jakob, Rut og Jan var hjå oss.

Torsdag 8. juli Onkel Nils, tante Jenny og tante Kristine kom til oss.

Fredag 9. juli Eg fekk brev frå Åshild Alsand.

Lørdag 10. juli Tantene og onkel reiste til Apeland. Dagny kom heim. Ingrid Askeland leia ungdomsmøtet. Me var ferdig med å slå alt graset.

Søndag 11. juli. Sverre er 14 år. Kåre, Margit, Kristoffer, Ruth, Harald, Astrid og eg var på Apeland.

Måndag 12. juli. Eg var hjå fru Karluf Hansen og slo frå kl. 13,30 til kl. 19,15.

Skreiv til Åshild og til Bryne etter skoleplan for gymnaset.

Tysdag 13.juli Me bar opp skifer til huset til Nils Melkevik både måndag og tysdags kvelden. Det var dugnadsarbeid.

Onsdag 14. juli Arbeidde hjå M. Moksheim frå kl. 10 til 17.

Torsdag 15. juli Arbeidde hjå M.Moksheim kl. 10 til 12. Arbeidde hjå fru Hansen kl. 13 – 1930.

Fredag 16. juli 1954. Margit var 18 år. Eg fekk skoleplan frå Bryne. Eg arbeidde hjå fru Hansen frå kl. 9.30 til kl. 17.00. Me køyrde inn 10 lass høy.

Lørdag 17. juli. Me køyrde inn 24 lass høy. Jackie kom heim. Basar.

Søndag 18. juli Johannes og eg m/fleire var i Haugesund på møte i Frelsesarmeen.

Måndag 19. juli. Jackie reiste igjen.

Tysdag 20. juli. Fekk brev frå Åshild. Alsand.

Onsdag 21. juli Me hyppa gjennom grønsakene.

Torsdag 22. Me køyrde heim trea frå fru Hansen.

Fredag 23. juli. Me henta første bæra: Solbær, rips og stikkelsbær. Tante Kristine kom til oss.

Lørdag 24. juli Eg var på torget i Haugesund. Eg selde alt utanom alle stikkelsbæra. Me hadde ungdomsmøte hjå Dagny og Johannes.

Søndag 25. juli. Her var stemne for Santalmisjonen.

Måndag 26. juli. Sverre og eg var hjå M. Moksheim frå kl. 8.30 til kl. 18.00.

Tysdag 27. juli. Me henta bær.

Onsdag 28. juli. Eg var på torget.

Torsdag 29. juli. Me henta bær.

Fredag 30. juli. Margit reiste ut med bær til Erna Strømmen og Henny Eliassen.

Lørdag 31. juli. Me var i Hesjadalen. Me hadde det gildt som vanleg.

Side 4.

Søndag 1. august. 1954. Johannes og eg var ute og sykla.

Måndag 2. august. Far var i byen (Haugesund). Me henta bær.

Tysdag 3. august. Eg var hjå Lars T. Førland og køyrde ut 60 kassar lan. Me sendte den store sugga, 1 sau og 3 lam til slakteriet.

Far og Kåre byrja å skjæra saman materialer til det nye gardshuset.

Onsdag 4. august. Eg var på torget.

Torsdag 5. august. Me henta ripsbær.

Fredag 6. august. Sverre og eg var hjå M. Moksheim frå kl. 8.30 til kl. 17.00

Lørdag 7. august. Leiv og tante Kristine var heime. Sverre og eg arbeidde hjå M. Moksheim kl. 8.00 til kl. 16.30. Johannes leia ungdomsmøtet.

Måndag 9. august. Serina Nesse kom og byrja på å sy dress til Sverre og til far.

Tysdag 10. august. Far reiste til Austlandet med Martin Bringedal. Han skulle kjøpa materialer til det nye huset. Han fann ut at det var like dyrt der som i Haugesund.

Onsdag 11. august. Johannes Førland var hjå meg.

Torsdag 12. august. Kåre og eg var i Haugesund med 2×4″ boks og fekk dei pløydde på høvleriet. Far kom heim frå Austlandet.

Fredag 13. august . Far og Kåre var i byen (Haugesund) på høvleriet og kjøpte nye materialer. Kledning m.m.

Lørdag 14. august. Serina Nesse reiste heim.

Måndag 16. august. Me byrja å reisa huset opp.

Tysdag 17. august. Sverre og eg var hjå M. Moksheim . Me hadde hesten med. Me ordna eit gjerde, rydda opp og køyrde noko ved.

Lørdag 21. august. Me kledde huset først på dagen. Seinare reiste me opp sju av hovudsperrene. Osmund og Hans kom heim. Basar på Sagbakken.

Søndag 22. august. Eg var hjå Kristoffer og Ruth mest heile dagen. Eg stelte med krøtera heime.

Måndag 23. august. Me fekk 1500 kg kalksalpeter frå Slåttevik. Me selde lamma unntatt 2 lam.

Tysdag 24. august. Eg sådde ut 750 kg salpeter på kulturbeite og 250 kg i austre gjerde. Me tok tuberkulinprøve.

Onsdag 25. august. Eg sådde ut 500 kg salpeter på heimebøen føre middag. Me kledde på huset. Me hadde skjermbildefotografering.

Torsdag 26. august. Haugesund by er 100 år. Eg sykla til byen om kvelden. Eg såg kronprins Olav med fleire. Fint fyrverkeri om kvelden kl. 23.

Fredag 27. august. Eg er 16 år. Me byrja å sutekkja huset. Me henta blå-plommer og litt sars plommer.

Lørdag 28. august. Eg var på torget med plommer. Osmund sykla til byen og eg innatt. Me hadde eit festleg samvær hjå fru Retsius.

Søndag 29. august. Astrid (Aksland) er 3 år. Åsmund, Berta og Karen Apeland hjå oss.

Måndag 30. august. Jackie kom heim på ferie. Eg var borte hjå Johannes Førland.

Tysdag 31. august. Eg fekk brev frå Hjørdis Natland. Margit og Osmund reiste på skulane. Margit byrja på Realskulen i Flekkefjord.

Side 5

Onsdag 1. september 1954 Hans reiste til Sauda på yrkesskulen. Johannes Førland reiste attende til Oslo.

Torsdag 2. september Me hausta plommer (sars og store gule).

Fredag 3. september Me byrja å skjæra korn. Sverre og eg var på torget med plommer. Me selde 48 liter a kr 1,25 og til Forbruken 53 kilo til kr. 1,10.

Lørdag 4. september Eg var på torget og selde 40 liter til kr 1,00. Mor kom til byen seinare på dagen. Jon Gummedal var med oss på ungdomsmøtet.

Søndag 5. september Eg var hjå Kristoffer før middag og hjå Sivert Førland(Vassmyrane) seinare på dagen. Øystein stelte fjosen.

Måndag 6. september Me skar korn på flaten der nede. Me vart ferdige.

Tysdag 7. september Me skar korn oppom steinmuren og nordetter med kålåkeren. Sverre og eg henta sar-plommer.

Onsdag. 8 september Eg var på torget med plommer og eple frå Kristoffer. Det var dårleg salg i dag. Selde 8 l plommer a kr 1,00 og 10 l eple for kr 1,25. Måtte ta frukta med heimatt. Fekk brev frå Åshild.

Torsdag 9. september Me vart ferdige med å skjæra korn. Me hesja alt.

Fredag 10 september Mor og far var i byen. Dei kjøpte til Sverre m.m.

Lørdag 11. september. Me grov opp og pukka under bislaget på det nye huset. Far, mor og Solveig reiste til tante Kristine. Eg var på basar.

Søndag 12. Kristoffer med familie og Herman Log var hjå oss. Eg stelte fjosen.

Måndag 13. september Me støypte under bislaget. Odd Apeland byrja å leggja inn elektrisk opplegg. Me byrja å skjæra potetlauv. Me selde ei kvige og bytta bort hesten «Tryggen» mot ei dølamerr. (Eg trur den kom frå Etne).

Tysdag 14. september Me skar potetlauv.

Onsdag 15. september. Me rydda i kjellaren og i kjerrehuset.

Torsdag 16. september. Me sette opp pålar og to hesjer og ordna i løa.

Fredag 17. september Eg laga 3 båsar i fjosen. Me fekk Tryggen attende og leverte merra. Me henta plommer. Sigurd Nes (bror til Ruth) døydde. (Han var murar og vinden bles heile muren over ende og Sigurd fekk den over seg).

Lørdag 18. september. Eg var på torget. Mykje frukt og dårleg sal.

Tysdag 21. september. Sende brev til Margit og siste brev til Åshild Alsand.

Onsdag 22. september Far var i byen. Han kjøpe og sendte ny sykkel til Margit i Flekkefjord.

Torsdag 23. september. Me slakta eine stuten. Sigurd Ness vart gravlagt.

Fredag 24. september. Eg var i byen og gjorde innkjøp til konfirmasjonen. Hans kom heim.

Lørdag 25. september. Hans og Sverre var i byen. Leiv og tante Kristine kom til oss.

Søndag 26. september. Sverre vart konfirmert. Me hadde fint ver først på dagen.

Måndag 27. september. Leif, Hans og Jackie reiste att. Me byrja å ta opp poteter. Tysdag 28. september. Me sette hestane og kalvane inn på bås.

Onsdag 29.og 30. september Me tok opp poteter.

Side 6

Fredag 1. oktober 1954. Me var ferdige med potetopptak i første åkeren. Mor var i byen.

Me tok opp poteter. Eg laga til kaffimat/ mellommat. Me køyrde inn 5- 6 lass hå-høy.

Lørdag 2. oktober: Me køyrde inn kornet og resten av hå-høyet 3,5 lass. Me fekk brev frå Jackie og Margit.

Søndag 3. oktober: Eg var heime heile dagen.

Måndag 4. oktober: Me tryskte kornet vårt mellom kl. 19 og 21. Etterpå tryskte me hjå Nils Fremmersvik og Olaus Våga. Me var ferdige kl. 01,30.

Tysdag 5. oktober: Far var i byen på saueutstilling. Demonstrasjon på Algesir traktor hjå Holger Førland. Me tok opp poteter.

Onsdag 6. oktober: Stygt ver, regn og rusk. Eg var på Tysvær hjå herredskasseraren og forsyningsnemnda og på Slåttevik. Heime skar dei roelauv. Me fekk brev frå Osmund og frå Karl Olsen.

Lørdag 9. oktober: Me tok opp poteter. Om kvelden var Knut, Sverre og eg på basar på Falkeid.

Tysdag 12. oktober: Me rydda i kjellaren. Øystein, Sverre, Kåre og eg skar resten av roelauvet. Det regna heile dagen- som vanleg.

Onsdag 13. oktober: Sugga grisa( fødde ungar) og fekk 14 ungar, men ein daua.

Øystein og eg vakte til kl. 2, far gav grisungane kl. 4, 6 og 8. Me fekk ein ny høvelbenk. Sverre, Øystein og eg var hjå Per Nordbø og Thomas Vinnes og tryskte til kl. 12.

Torsdag 14. oktober: Me køyrde saman forbetar( roer) i dungar. Føre middag rydda me i skuten.

Fredag 15. oktober: Me tok opp resten av potetene. Øystein og eg gav smågrisene frå kl. 20 til kl. 2.

Lørdag 16. oktober: Me slepte grisungane til sugga. Eg sykla til tante Kristine. Eg handla forbruksavarer. Eg traff Nils, brorson til fru (Marie) Hellebust.

Søndag 17. oktober: Tante var ikkje rektig god. Eg sykla heim frå tante kl. 21.30.

Måndag 18. oktober: Me køyrde inn resten av roene. Me henta opp 250 kilo poteter til Forbruken (Samvirkelaget) i Haugesund. Det var dei første potetene me selde til dei denne hausten.

Tysdag 19. oktober: Sverre, Øystein og Kåre tok ned hesjer. Eg køyrde bort 8 – 10 lass sorpa frå området ved løa. Far var i byen på hestemarknad.

Onsdag 20. oktober: Per Gramstad ( Trggheim elev) har gebursdag f. 1938. Me grov ned roene og køyrde inn kålrot- 7 lass.

Torsdag 21. oktober: Me skar resten av kålrotlauvet og grov ned (i spesielle dungar) resten av kålrota. Kåre køyrde inn kornstaurane.

Fredag 22. oktober: Kåre var i byen og søkte plass på Ås (Landbruks høgskole). Far, Sverre og eg køyrde maskinane inn i løa. Me hadde første mjølkekontrollen.

Side 7

Lørdag 23. oktober 1954. Me køyrde hevd ut på frukttrea. Far var i byen. Leiv kom heim. Sverre og eg sykla til Haugesund og såg filmen «Shetlands-gjengen» eller var det » Shetlands- Larsen» (?).

Søndag 24. oktober FN dagen. Me hadde konfirmantfest. Omkring 80 stk. var med på festen. 3 talerar. Presten Hermandsen, Rørtveit og Fjelland. Me hadde det gildt. Me gjekk akkurat ut med økonomien.

Måndag 25. oktober: Kåre og eg ordna kjellaren som me skulle ha kokte poteter i.

( Me kokte poteter i stort og la i «silo»). Sverre og Leiv saga ved. Me ordna til i skuten slik at me fekk sauene inn.

Onsdag 27. oktober: Henry Askeland køyrde heim 150 hl sjellsand frå Slåttevik.

Sjellsanden var kjøpt av Olav Odland. Tysdag ordna me til der trappa til huset skal vera og fekk pukka underlaget. Me hakka formargkål til å blanda med dei kokte potetene.

Torsdag 28. oktober: Me henta potetkoke- anlegget hjå Nils Fremmersvik. Me begynte å koka poteter, Leiv var med. Far og eg støypte trappa til huset. Sverre var i Tysvær.

Fredag 29. oktober: Me kokte poteter.

Lørdag 30. oktober: Leiv reiste attende til Tyskland med fly. Me kokte poteter.

Tante Kristine kom til oss. Me hadde ungdomsmøte hjå Sigbjørg og Marit.

Søndag 31. oktober: Tante, mor og Liv Solveig var på innvielsen av gamleheimen i Tysvær. (På Gjerde?).

Måndag 1. november 1954: Me leverte unghesten Odin til slakt. Han var 1,5 år gamal og vog 232 kg. Me kokte poteter.

Onsdag 3. november: Me slakta den andre store stuten.

Torsdag 4. november: Kåre var i byen med stuten (kjøtet). Kåre kjøpte seg klær til han skulle reisa.

Fredag 5. november: Jackie kom heim. Far var i byen. Kåre , Sverre og eg ordna til åker for bringebæra. Me planta 70 planter. Me køyrde ut 10 lass hevd på bringebæråkeren.

Lørdag 6. november: Kåre reiste til Ås. (Landbrukshøgskulen). Far var i byen. Øystein var på basar. Eg var heime. Me saga ved.

Søndag 7. november: Mor var på Apeland på 90 års høgtid for foreninga der.

Måndag 8. november: Me fekk galten frå Egga bort til ungsugga.

Sverre og Øystein saga ved 8. 9. og 10. nov.

Far og eg arbeidde på altanen til nye huset.

Tysdag 9. november: Jackie reiste att.

Torsdag 11. november: Me tok opp 210 bringebærplanter.

Fredag 12. november: Sverre og mor var i byen hjå augnespesialist. Sverre kjøpte seg fyllepenn og barberetui. Eg skifte penn i fyllepennen min. Eg planta 100 bringebærplanter.

Lørdag 13. november: Brev frå Osmund. Me planta resten av bringebær- plantene.

Me tok opp kåla. Me hadde ungdomsmøte hjå Knut. Me tok til med brevkurs.

Søndag 14. november: Eg var hjå Bjelland. Etterpå var eg hjå Kristoffer og Ruth.

Me tippa.

Side 8

Måndag 15. november 1954 : Me arbeidde på nye huset.

Tysdag 16. november: Film og basar på Bedehuset. Erlandsen var der. Øystein vann ei kaka. Sverre og eg var på Amdal etter spøt.

Onsdag 17. november: Me slakta ein gris. Seinare på dagen byrja me å panela huset inne.

Torsdag 18. nov. Eg var i byen med ein halv gris. Onkel Mathias skulle ha ¼ gris.

Eg fiksa fyllepennen. Det kosta 5 kr.

Fredag 19. Far og eg arbeidde hjå M. Moksheim. Me flytta do inn i uthuset.

Lørdag 20. Me hadde møte hjå Ingrid Askeland. Eg vart kjent med Bjørg. Me arbeidde med brevkurset.

Søndag 21. november: Me var på møte i Betania i Haugesund.

Måndag 22. november: Me køyrde potetlauv inn til underbreisel for sauene. Olav Erland kom med 300 kg sidamjøl. Sverre skar seg i venstre peikefingeren.

Tysdag 23. november : Me sendte 200 kg poteter til Samvikelaget. Eg sendte brev til Hans og til Johannes Førland. Me panelte vidare inne i nye huset.

Onsdag 24. november: Me skar resten av formergkålen.

Onsdag til fredag 24. – 26. november: Me arbeidde vidare i det nye huset.

Lørdag 27. november: Far og eg var i byen med grisungar. Me selde dei for 100 kr pr. stk. Me hadde ungdomsmøte hjå Kåre Førland. Me hadde brevkurs kveld. Eg fekk brev frå Gjertrud Vinnes.

Søndag 28. november: Kåre Førland og eg var ute og køyrde motorsykkel rundt i Tysvær. Om kvelden var far og mor i byen. Dr. Lundby var og talte i Vår frelsers kirke i Haugesund.

Tysdag 30. november: Me brukte opp resten av formergkålen. Me sendte 200 kg poteter til Samvirkelaget. Me panelte inne i huset. Me køyrde heim or første dungen med kålrot.

Onsdag 1. desember: Me kledde i bislaget og nordre brystet av huset. Eg var på møtet på bedehuset. Bibelveke med Hermandsen og Gummedal.

Torsdag 2. desember. Me henta galten og den parte den store sugga.

Bibelveka held fram resten av veka.

Lørdag 4. desember: Sverre og eg var på møtet.

Søndag 5. desember: Me var på møtet.

Måndag 6. desember: Odd Apeland byrja å leggja inn røyr for skjulte elektriske leidningar i det nye huset. Åsmund Apeland målte opp 20 mål kulturbeite.

Tysdag 7. desember: Far var hjå Olav Erland. Me panelte kjøkken. Me henta opp 400 kg poteter til Samvirkelaget. Eg fekk brev frå Arne Nordheim (lærar på Tryggheim) og frå Johannes Førland.

Onsdag 8. desember 1954: Mor og far var i gravferd til Tåren Kallevik. Sverre og eg stulla åleine heime. Me la hesjestauren inn i hus.

Torsdag 9. desember: Øystein og Sverre pikka av murstein. slik at den kunne murast. Far laga ei lita dør. Eg rydda og skar til panelbord for 2. etasje i nye huset.

Fredag 10. desember: Odd Apeland og eg arbeidde med røyropplegg for elektriske leidningar. Sverre og far rydda og skar inn ventilar.

Side 9

Lørdag 11. desember 1954 : Sverre og Øystein pikka spikerfeste på skifer- takstein. Odd var her til kl. 11. Etter middag var far og eg hjå Mathias Moksaheim på Klovning.

Me lekta sørsida av taket på hytta/huset hans. Knut var på Falkeid. Øystein og eg var hå Kristoffer og Ruth.

Søndag 12. desember. Eg var på søndagsmøte. Me var 5 stk. Arent, Bertine Søndenå, Torvald Sunde, Erik Liå og eg. Arnt las det eg hadde tenkt å lesa.

Måndag 13. desember: Me støypte to branntavler.

Tysdag 14. desember: Sendte brev til Margit. Me arbeidde hjå Moksheim: Far, Sverre, Øystein og eg. Me lekta nordsida og bar panner. Om kvelden var det ein storm som hadde løfta eit tak på 15 tonn.(?).

Onsdag 15. desember: Far, Sverre og eg var hjå Moksheim. Me slo på vindskeier og bar opp panner. Me fiksa opsa over altanen. Eg lika arbeidet, men det var kaldt som vanleg.

Torsdag 16. desember: Sendte brev til Leiv.

Fredag 17. desember. Far var i byen. Eg køyrde heim tre lass med furuved. Me støypte to branntavler.

Lørdag 18. desember: Hans kom heim til jul frå Sauda. Me hadde ungdomsmøte hjå oss. Me hadde brev frå Margit.

Søndag 19. desember: Jackie og Margit kom heim.

Måndag 20. desember: Me slakta ein gris. Me henta opp 220 kg poteter til Samvirkelaget. Hans var i byen.

Tysdag 21. desember: Mor, far og Liv Solveig var i byen. Me leverte halve grisen.

Tante Kristine kom til oss. Me saga ved og køyrde heim kålrot.

Onsdag 22. desember: Me rydda i gangen og kjøkken i nye huset. Me venta levering av golvbord. Me køyrde heim resten av kålrota. Leiv kom heim.

Torsdag 23. desember: Margit, Hans og eg var i byen. Me kjøpte julegåver. Me kjøpte innesko til far, mor og tante Kristine. Me kjøpte hanskar til Margit og meg og andre ting.

Fredag 24. desember- juleafta: Sverre og Øystein var i byen. Tante var hjå oss juleafta. Margit las juleevangeliet.

Lørdag 25. desember 1. juledag: Kristoffer og Ruth var hjå oss. Om kvelden var me hjå Ingrid Askeland.

Søndag 2.- juledag: Me var på juletrefest for Redningsselskapet på Heimtun.

Måndag 27. desember: Me var på juletrefest i Isvik, Skjold. Me hadde Økland til å køyra med drosjen.

Tysdag 28. desember: Barnejuletrefest på Førland Bedehus.

Denne oppramsinga er nå slutt for denne gongen.

Dagen i dag er tysdag 13. desember år 2011