Mat til kvardags og helg i vår heim

Mat til kvardags og helg i vår heim

Eg var under 2 år  då andre verdenskrig 1940 – 1945 tok til i Norge 9. april 1940. Me budde på ein gard og dyrka på garden poteter, gulerøtter, kål, kålrot (kålrabi), nepe og korn. Dei kornsortane me hadde var mest havre og kveite, men me dyrka og bygg. Når me tenkjer på alt regnet som me har her på Vestlandet om hausten, er det rart at me greidde å få berga kornet tørt inn i løa. I krigen var det pålegg om å dyrka visse areal med poteter og korn.

Me hadde og dyr som vart slakta, slik at me hadde kjøtt. Om hausten vart det slakta lam og  andre dyr. Til jul vart det slakta ein gris. Etter me hadde slakta grisen var det vanleg å laga blodkumler. Mor laga og sylteost til pålegg og sylteflesk til middag. Steikeflesk vart nytta til tørrfisk, fleskepannekaker og til komler. Me hadde fisk og kjøt til middag. Vidare vart det brukt fiskekaker, fiskepudding, finker og kjøtkaker. Me hadde alltid poteter til middag. Me hengte opp sild til tørk i løa. Torrsild vart vel brukt til middag og til kvelds. Mor og far ville alltid at me skulle ha god mat. Til søndag hadde me ofte kjøt og ertesuppe eller kjøtsuppe. Kjøt med løksaus vart og nytta.

Det var til vanleg kålstuing eller gulerotstuing til grønsaker. Spekesild med kålstuing eller kvit saus til, vart og brukt. Seinare var det vanleg med rødbetar attåt. Stekt og kokt makrell vart brukt til middag. Røykt spekemakrell vart nytta til pålegg.

Det var vanleg med suppa eller dessert til middagen. Mor hermetiserte eigne plommer som vart nytta til dessert. Me hadde blåplommer, gule og grøne plommer i eigen hage. Me hadde og stor bærhage med stikkelsbær, rips og solbær. Me reiste på torget i Haugesund og selte bær og plommer. Mor safta og sylta ganske mykje. Me hadde mange epletre og. I hagen ved torvhuset var det eit høgt stort pæretre. Mor hermetiserte og pærer. På 1950 talet trur eg dei planta ein del bringbær og jordbær.

Mor laga ripssaft, solbærsaft, rips pluss solbærsaft og  rips pluss bringebær saft. Før mor fekk saftkokar safta ho på denne måten. Ho kokte opp bæra og hengte dei opp i striesekk slik at safta rann av og oppi eit stort  brunt glasfat. Det som var i striesekken vart kokt endå ein gong  og tappa på flasker. Dette for å få alt safta ut av bæra- etter det Margit fortel. Safta vart så kokt opp og tilsett sukker før den vart fylt på oppvarma flasker. Mor kjøpte seg seinare saftkokar. Den vart plassert oppå eg gryte med vatn og bæra plassert i saftkokaren. Safta vart då tappa rett på flaskene.

(Det er nok ein del som kunne forteljast om matlaging- der ikkje eg er den som er mest/best orientert). I tillegg til hermetisk frukt laga mor saftsuppe (litt fyldig) og havregryns saftsuppe. Til dessert vart det og brukt semuljegryns graut med raud sos til. Graut var vanleg spesielt til kveldsmat. Etter krigen fekk me av og til risengrynsgraut. Juleafta var det vanleg trur eg. Havregrynsgraut var god og vanleg. Semiljegrynsgraut hadde me og meiner eg.

Osmund var dreng hjå Liv og Ellef Aursland før han reiste til sjøs. Aursland hadde gartneri og Osmund fekk med frukt-tre frå Aursland på Våg. Dei vart planta på Førland. Då Kåre tok landbrukskulen på Tveit i Nedstrand (1952 til 1954), lånte han traktor der, og kom til Førland med eit lass med mange frukttre. Dei vart ikkje planta på dyrka jord, men i bakkane oppom torvhuset. Lauvskogen vart fjerna, der det var litt jord gjødla dei og planta frykttrea. Det var mange ulike eplesortar i det lasset. Far kjøpte nokre epletre av gartnaren i Aksdal ein gong seinare. Dei var eg med å planta i området mellom torvhuset og det store pæretreet i den gamle hagen. Dei trea bar godt og eplene var gode å eta.

På Førland var det i tida då me var born og ungdom 1940 – 1955  to landhandlerar. Anna Førland sin forretning var nærast vår gard. Den var i kjellaren i huset hennar. Huset står der også i dag år 2011. Den er på andre sida av riksvegen  ved Førland skule. Ho selte smør, brød, sukker, mjøl og mange andre kolonialvarer. Ho selte og parafin. I krysset der vegen går opp til Askeland hadde Torvald Sunde større kolonialforretning. I det huset var og telefonsentralen. Fru Sunde sat ofte der og kobla med ledning den abonnenten som ringte over til den vedkomane skulle ha kontakt med. Me hadde ikkje telefon, men næraste naboen vår, Aslaug og Snorre Hebnes, hadde telefon. Var det ein beskjed til oss kom dei med melding om at ein måtte koma i telefonen. Elles måtte me sykla bort til Sunde for å ringa.

Me var som regel i fjosen og melka kyrne og stelte før morgonsmat/ frukost. Far hadde frukost kl. 9.30 trur eg det var. Han var ofte ute på snekkerarbeid og hadde mat med seg. Kl. 12 var det middag. Kl. 16 var det mellommat (brødmat). Kveldsmat i 19-20 tida. Det var ofte lange arbeidsdagar i vårvinna, høyonna og i haustvinna. Som ungdom var eg med far på snekkerarbeid i Haugesund. Me bygde nye hus for andre. Far var byggmeister og hadde to- tre snekkerar med seg periodevis. Då reiste me med arbeidsruta(bussen) frå Førland til Haugesund kl. 06.15. Me kom heim frå Haugesund Kl. 17.45 om kvelden. Etter me då hadde ete middag var det å arbeida på garden utover kvelden.