Om livet i det gamla gardshuset del 2

Livet i gamlahuset side 2

På side 1 fortalte eg litt om livet i gamlahuset. Nå nemner eg litt om daglegstova vår i det huset. Mor og far si dobbeltseng sto der. Nattbord var det ved sida av senga. Då Liv Solveig var liten stod ei barneseng for henne i enden av dobbeltsenga. Det var eit spisebord med klaffer som kunne slåast ut. Det var vanlege «pinnastolar» rundt bordet. Ein gyngestol var og med i inventaret. Langs eine veggen sto ein «slagbenk». Sitjeplata kunne takast bort/slås opp og senga/benken  kunne då trekkjast ut. Ein periode då eg var liten låg Øystein, Sverre og eg, Magne,  i den benken. Sengkleda var oppi benken på dagtid. Det var ei klokke på ein vegg. Vidare var det ein vaskeservant og ein kommode. Kommoden hadde ein stor oval speil. Ei av skuffene i den kommoden var «kontoret» til mor og far. Den hadde me ungane ikkje lov å sjå oppi. I alle fall søndags-morgonen hugsar eg at far hadde ei 10 cm brei og ca. 50 cm lang reim av lær som han skjerpa barberkniven på. Det gjorde han før han såpa inn ansiktet med barberkost og barberte seg. Far hadde aldri heilskjegg. Det var vanleg at det var ved i ein kasse ved omnen. I krigen måtte alle levera inn radioane. Mor og far hadde ikkje radio før krigen. Etter krigen kjøpte Kristoffer radio. Den hadde me på spisebordet i stova ved vinduet. Seinare kjøpte Osmund og radio til oss. Den søre stova var ca. 4m x 4m stor.

Det var planskoren tømra innvendig det huset. Eg hugsar det var litt trekk mellom sume tømmerstokkar. Det er fortalt om ein nabo som flytta inn i eit gamalt hus på Førland. Ein spurte han korleis det var i det gamle huset. Han svarte: «Det er masse trekk mellom tømrerstokkane i veggene, men det vart litt betre etter me fekk hengt opp bildene». Over bordet hang ein lampe. Den hadde veik som trekte opp parafin frå beholdaren under. Ein skrue trekte opp veiken etter kvart som toppen av veiken brann bort. Mor fortalte at dei hadde problem med desse lampane i krigen då dei ikkje fekk tak i parafin. Ei urein olje som dei brukte, skapte problem med parafinlampane.

Me har gode minne frå denne stova. Då Øystein var liten tok far lampen bort til senga. Far låg yterst og Øystein, Sverre og eg låg innom han. Då las han frå bøker og blad til oss og av og til song han. Ein av dei songane me hugsar var «Å mannen han gjekk seg til vedaskog……». Den hadde eit drag av humor og den songen. Far hadde humoristisk sans og fortalte mange stubbar/vitsar som me lo/humra av. Det kvikka opp i kvardagen. På kjøkken sto det vedkomfyr inni grua. På kvar side var det murt opp avsats slik at dei kunne setja gryter der. Det var kokt mykje god graut og annan mat på den komfyren. Om kveldane var det eit eige sosialt liv også på kjøkken. Sume sat på vedakassen, andre i grua ved komfyren. Andre sto og støtta seg mot ein vegg. Jentene vaska kanskje opp etter kveldsmaten. Praten kunne gå livleg der på kjøkken.