Gardshusa Førland gnr 15 bnr 2 og 8 Tysvær

DSC05269 Gardshus og løa ca. 1960

Dette er huset og løa på 1960 talet. Dei bygde løa 1930 og huset var ferdig i 1955.

Dette er ei heimeside som eg har oppretta for å samla ein del informasjon om vår familie og slekt. Eg har ein del historisk stoff og me har mange bilder. Min tanke er at denne sida ikkje skal vera open for alle, men for alle i vår næraste familie og slekt.

Tidlegare har me laga nokre hefter om familien og vår familie er omtalt i slektsboka» Sukkaætta» Boka om Sukkaætta frå Suldal i Rogaland kom ut på 1950 talet. Boka er av Rudolf Dreyer og er utgitt av Rogaland Historie- og ættesogelag. «Morsætti» skriven av onkel Nils Magerøy i 1958 fortel mykje om slekta til mi mor, Julie Marie Apeland.

Far, (Hans Ole Apeland), si slekt er omtalt i Sukkaætta på side 403 og side 404. Slekta til mor (Julie Marie Apeland) er omtalt side 452. Det gjeld bestemor til Julie Marie- Lusie Marie Våge gift med Jens Apeland.

Far til Hans Ole  var frå Kallevik i Førdesfjorden. Han heitte Osmund Nilsen Kallevik, men tok namnet Apeland etter han kjøpte garden på Apeland i Tysvær. Han levde frå 1852 til 1936. Han arbeidde i kopar- og svovelkisgruvene på Visnes i Karmøy til ca. 1890. Der vart han kjent med mor til far, Jakobine Baardsdatter Kolstø. Ho var frå det gule huset sør på Matlandsslettå – nord for Hydro Karmøy fabrikker- på austside av RV 47. Visnes var ein liten «by» på den tida og bestemor arbeidde som syerske. Bestemor Jakobine levde frå 1855 til 1946. Jakobine og Osmund gifta seg og tre av borna: tante Marta (f.1886), onkel Konrad (f. 1887) og tante Janna (f. 1890) var fødde på Visnes. I 1890 var det reduksjon i gruveaktiviteten på Visnes og Jakobine og Osmund kjøpte den midterste garden på Apeland i Tysvær. Dei tok då namnet Apeland etter garden der dei nå budde. På Apeland vart det født  4 born til i familien til Jakobine og Osmund. Det var Mathias (f. 1892), Josefine (f. 1894), Hans Ole (f. 1896) og Gjertrud (f. 1898).

Far til Julie Marie var frå Apeland i Tysvær. Den nordre garden på Apeland budde han på. Han heitte Kristoffer Jensen Apeland og levde frå 1846 til 1912. Mor til Julie Marie var frå Oppdal i Sør Trøndelag. Ho heitte Live Lund og levde frå 1857 til 1940.  Dei fekk 8 born: Lucie Marie (f. 1884), Hanna (f. 1886), Jens (f. 1888), Jenny (f. 1890) , Sofie (f. 1892), Kristine (f. 1894), Ludvig Sylfest (f. 1896) og Julie Marie (f. 1899).