Om det gamla gardshuset

Om det gamla gardshuset

Maleri av gardshuset før 1955 på Førland

Maleri av gardshuset til Julie og Hans Ole Apeland frå 1930 til 1955.

Gamle_huset_på_Hest_Førland

Dette huset vart truleg bygt ca. 1850 og vart rive ned i 1978.

Dette huset minner om Jær( Jæren) hus med saltak og tre stover i lengda. Huset hadde to gråsteinspiper. Gruer kalla me dei. Komfyren sto nederst. Då mor og far og dei tre eldste flytta inn i dette huset i 1930 var det støypt  golv på kjøkken. Far la tregolv og kledde igjen den eine grua. Dei kjøpte garden av Ole Andreas Olsen og kona Inger. Ho var mykje yngre enn mannen og fekk burett i nordre del av huset. Ole Andreas døydde kort tid etter han hadde selt garden til far og mor. Inger hadde eigen kjøkken , stova nede og sovesal oppe i nordre ende av huset. Ho budde der til 1942 eller 1943. Då flytta ho til Klovning til broren sin. Far og mor betalte henne litt for denne avtalen.

På bilde viser det at det er dør ut frå midtstova. Den tok far bort og sette inn eit vindu ekstra. På baksida av huset  var det dører inn til begge kjøkkenane. Det gjekk veg inn til garden  til mor og far frå vegen over Snorre Hebnes sin eigdom på den tida. I dag -2011- eig Mustaparta den garden Snorre Hebnes hadde då me voks opp. Far og mor ville ha husa på austsida av garden slik at dei fekk utsikt til Førlandsfjorden. Dei var begge vant med utsikt til sjøen  frå Apelandsgardane. På sida av kjøkken til mor og far i søre delen av huset, var eit lite kammers. Det var soverom for jentene. Der var seperatoren plassert og eit skap for matvarer. Det var ei større gamal kiste i det rommet. I den var  m.a. brød  plassert. Då eg var i oppveksten kjøpte me ein sekk med brød frå Hauge & Lindås firmaet i Haugesund. Den sekken fekk me tilsendt med rutebilen kvar lørdag. Eg hugsar spesielt at dei hadde godt julebrød med rosiner. Den brød-kista var arva etter bestemor Jakobine. Eg trur vår søster, Jakobine,  på Os overtok den. Det var etasje omnar i stova i sør og stova i nord pluss i kamerset. Dei fekk ny betre omn i søre stova i slutten på krigen. Eg hugsar den gamle omnen og. Fyrte dei sterkt i den kunne den bli raudleg i fargen istf. svart. Det var ein halvskut i nordre enden av huset. Der hadde dei sikkert ved og torv. Eg kan ikke hugsa den halvskuten/vedhuset. Potetkjellar var det berre under søre stova. Døra inn i den var ca. 1,2 meter høg. Me måtte bøya oss når me t. d. skulle bera potetkassar inn eller sekker ut igjen. I  2. etj. -på loftet var det panelte rom i kvar ende på huset, men rommet i midten var ikkje panelt innvendig. Der gjekk me forbi to store gråsteinspiper for å koma inn på søre salen.