Innlegg om bestefar Kristoffer Apeland

Bestefar Kristoffer J. Apeland

Lærar Birger Kjetland skreiv i  1947 dette innlegget i “Broderhelsing” om

bestefar Kristoffer Apeland (1846 – 1912). Broderhelsing var bladet til Karmsund Indremisjon.

Lekmannsleiarar i Karmsund.

Kristoffer Apeland vart fødd  19. mai 1846 i Tysvær. I 14 års alderen vann han fram til full vissa i sitt gudsforhold. Både han  og brørne, Jens, Laurits og Jon var flinke songarar. Apelandsgutane, som dei vart kalla, song ofte utanfor kyrkja når folk samlast til gudstenesten. Det var festleg å høyra dei, fortalde ei gamal kone som ofte hadde vore tilstades. Kristoffer hadde interesse for sjøen, og 19 år gamal reiste han til Nord-Noreg med jakta si. Han var nordlandsskipper og tok turar til Russland, Danmark og andre stader. Ein bror hans var kaptein og så vart det til at Kristoffer tok partar i båtar. Men det vart aldri anna enn tap. Ein av desse båtane sokk og var ikkje assurert.

Han prøvde seg og med sildesalting. Men det vart og tap. Var det eit år dei  tente på silda, hadde ikkje Apeland vore med. Dette tok han lærdom av. Han hadde heimegarden og lika sers godt å ta eit tak der når han kom heim. I unge år byrja han å tala Guds ord.Når han var nordover med jakta, tok han turar innover landet for å så Guds ord. I Kristiansund N. vart han kjend med den vidgjetne lekmannen Sylfest Lund frå Gudbrandsdalen. Lund budde då i Oppdal. I omlag 60 år reiste denne åndskjempa stadig omkring og samla folk til oppbyggjingsmøter i Gudbrandsdalen, på Heidmarka, i dalane i det Trondheimske, på Nordmøre, i Romsdalen og vestover til Ålesund og der ikring. Denne Sylfest Lund var ein evnerik mann og hadde stor vyrdnad mellom kristenfolket kvar han for. Apeland fylgde med denne lekmannshøvdingen på talarferd og vart med han heim til Oppdal. Her vart han trulova med Live Lund, eldste dottera til Sylfest. Med henne vart han sidan gift og dei busette seg i Tysvær. Ho tykte kristendommen hadde så sterkt tak i folket her i bygdene,- også mellom dei som ikkje var vedkjennande kristne.

Kristoffer Apeland reiste som forkynnar utan å ta betaling dei første åra. Han meinte det var galt å ta pengar for slikt då. Blåbokianarane fylgde i Hauges fotspor, og Apeland kjende seg mest heime mellom dei. Men kona hans hadde kome til eit friare evangelisk  syn og fekk vera til hjelp for han så han og kom inn i eit meir sundt evangelisk livssyn. Seinare kom han til å reisa som fast emissær for Indre Sjømannsmisjonen og for Det Norske Misjonselskap. Han hadde gode talegåver og var roleg på talarstolen og i heile sin framferd. Han var smålåten, og ei kvinna har fortalt at både store og små var glade når han skulle koma. Og så var det inga matsut når Apeland kom til gards. Han var like nøgd med havresupa og sild som med den finaste kjøtmiddag. Her er eit trekk frå arbeidet hans som sjelerøktar: Ein mann var komen i mørke  og sjelenaud. Han bad Apeland heim til seg om kvelden, og dei las Guds ord og bad saman. Men mørket var like svart. Etter morgonandakten neste dag sa Apeland at dei begge to skulle ut i veitene og arbeida. Mannen meinte dei måtte lesa og be framleis. “Det har me gjort, og nå lyt me arbeida”, sa Apeland. Det bar då ut på gardsarbeid, og mannen kom vel gjennom krisa si.

Apeland var ofte på Island og tala Guds ord. Serleg hadde Siglufjord ofte besøk av han. Her hadde han mange vener. Han verka mykje saman med pastor Scheen som høyrde til i ytre Sjømannsmisjonen. Desse to hadde stor vyrdnad for kvarandre. Scheen vitja heimen til Apeland, og her fortalde han at Apeland budde på eit sjøhusloft i Siglufjord. Det var vanskeleg å ta seg fram i mørket der, og gjekk han feil, kunne han gå like på sjøen. Han valgte den plassen for at misjonen ikkje skulle få så stor husleige å betala. Andreas Kvalevåg og Jørgen Øynå var gilde medarbeidarar og læremeistrar for han. “ Eg har Litle- Jørgen til læremeister” skreiv han heim til kona si. I heimen til Apeland var det harmoni og hygge. Aldri  var det skifta eit vondt ord mellom far og mor der. Det fyrste borna høyrde om morgonen var salmesong. Det var faren som vekte dei med songen sin. Møter hadde dei i heimen i alle år. Det var nok kona som hadde mest strev med det.Det var ein stor barneflokk,men ho  gledde seg kvar gong ho fekk ha  møter eller truande  på vitjing i heimen.

I seinare år reiste han mykje. Men også den stunda  han var heime, måtte han ut og så Guds ord både i heimbygda og i dei  næraste grendene. Kom det framande til gards, førde han alltid samtalen inn på åndelege ting. Det var om å gjera for han at sjeler vart frelste. I kyrkja hadde han sin faste plass. All misjon sto like høgt og var like kjær for han – anten det heitte indre eller ytre misjon. Ofte tala han om at emmissærane frå ymse organisasjonar måtte arbeida saman og ta omsyn til kvarandre på alle vis så det ikkje vaks fram beisk rot i det kristelege arbeidet. Den 28. november 1912 slokna Kristoffer Apeland. Augo opna seg for siste gong og stråla mot dei næraste i ein vedunderleg glans. Han hadde stridt  den gode striden, fullenda laupet og halde trua. Difor låg rettferdskransen reidug til han i den evige bustaden.